Hopp til innhold

Privatskule etablert i Gloppen

Med støtte frå 80 prosent av foreldra er Rygg og Nesjane Privatskule etablert i Gloppen.

Reed skule

Ifølgje Magne Devik er Rygg skule eit av alternativa til skulebygg for nye Rygg og Nesjane Privatskule.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Måndag 23 mars vedtok kommunestyret i Gloppen å leggje ned barneskulane på Rygg, Vereide og Reed.

Kommunestyret kom dermed til same konklusjon som formannskapet .
Leiar i foreldrerådet ved rygg skule, Petter Olav Rygg sa etter møtet i formannskapet at foreldra var budde på at skulane ville bli lagde ned .

Under arbeid allereie før vedtak

Og ifølgje styreleiar for Privatskulen har ei gruppe arbeid med mogleg oppretting av privatskule sidan dei første signala om nedlegging.

Og to dagar etter at kommunestyret gjekk inn for nedlegging, var Rygg og Nesjane Privatskule etablert, det skriv Firda Tidend .

Ei anonym spørjeundersøking syner at 80 prosent av foreldra er interesserte i eit privat skuletilbod.

Styreleiar for Privatskulen, Magne Devik seier dei har sendt søknad om løyve til Utdanningsdirektoratet. Og ifølgje avisa er det søkt om å få starte opp hausten 2010. I tillegg har Privatskulen bede om dispensasjon slik at dei kan starte opp allereie til hausten.

Montesorri-skule

Ifølgje Devik er dei på jakt etter lærarar både i Oslo, Sverige og lokalt som har den nødvendige utdanninga i Montesorri-pedagogikk.

I tillegg må lokale til skulen avklarast.

Devik seier det er avgjerande at dei får ei avklaring frå direktoratet snarast råd.

- Tida er veldig kritisk om vi skal klare oppstart til hausten, seier Devik.