Hopp til innhold

Legg ned tre skular i Gloppen

Med 24 mot tre røyster gjekk kommunestyret i Gloppen måndag kveld inn for å legge ned skulane på Reed, Rygg og Vereide.

Reed skule i Gloppen

Reed skule i Gloppen

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kommunestyret følgde rådmannen sine kuttframlegg for å redusere driftsutgiftene med 15 millionar kroner i perioden 2009-2012.

Skulesektoren skal stå for sju millionar av reduksjonen, medan Helse og omsorg skal stå for åtte millionar. Dei andre sektorane skal til saman foreslå driftsreduksjon på 600.000 kroner.

Barnehagar også samlokaliserte

Vedtaket betyr at elevane ved Rygg skule skal overførast til Sandane, medan elevane frå Vereide må til Austrheim skule. Vidare skal elevane ved Reed skule til Byrkjelo, der skulen skal få namnet "Breim skule". Endringane gjeld frå hausten.

I tillegg til at tre skular vert lagde ned, blir barnehagane i Breim samla til ein barnehage ved skulen på Reed.

Jobbar for privatskule

På Rygg har dei allereie sett i sving ei arbeidsgruppe som skal jobbe for ein privatskule. Og på Reed protesterte dei førre måndag . Dei ville samle 1.-4. klasse på Reed og 5-7. klasse på Byrkjelo, med ein felles administrasjon.