Hopp til innhold

Prisen på pass aukar

Frå nyttår aukar prisen på pass og ID-kort med over 30 prosent. Bakgrunnen for prisjusteringa er at gebyra skal dekka politiet sine faktiske utgifter.

Politistasjonssjef Kjell Idar Vangberg seier til avisa Nordhordland at dei har ganske god kapasitet i romjula, og at det derfor kan vera smart å fiksa nytt pass då, om du treng eit nytt pass i løpet av 2024.

For ein vaksen kostar eit pass i dag 570 kroner. Etter nyttår blir prisen 750 kroner.

Eit nytt norsk pass
Foto: Oddgeir Sæle