Hopp til innhold

Portugisar klar for Sogndal

Sogndal Fotball er samd med UD Santarém om ein overgang for 24 år gamle Diogo Brás. Høgre­backen har fortid i akademiet til den portugisiske stor­klubben Sporting og har aldersfastlagde lands­kampar for G15 til G19.

Han har siste åra spelt på nivå to og tre i Portugal, med Fereinse og nemnde Santarém.

Brás deltok nyleg på treningsleiren med Sogndal og har allereie spelt to trenings­kampar. 24-åringen har skrive under på ein kontrakt som strekkjer seg ut 2026-sesongen.