
Kim Tangedal. Foto: Sogndal Fotball
Men 22-åringen vurderer no sterkt å nullstille fotballkarrieren på Vestlandet og satse på spel med Mandalskameratene i 2.divisjon. Sørlandslaget vart degradert til 2. divisjon i haust, men sørlendingane har store ambisjonar om snarleg retur til første divisjon. Den returen kan 22-åringen frå Viksdalen ha god lyst til å vere med på. - Det er ikkje noko lett val, eg har tenkt mykje på Jotun og Førde og, men det blir på ein måte det miljøet eg har vore i. Det kan kanskje vere greitt å kome seg litt vekk og starte på null og sjå om eg lukkast med det, seier Kim Tangedal.
Besøk gav meirsmak
Kim Tangedal har spelt to halve sesongar med Jotun Årdalstangen i 2. divisjon dei to siste sesongane, og årdølene vil gjerne knyte til seg viksdølingen meir permanent. Også Førde har vore i samtalar med Tangedal. Men eit besøk i Mandal for nokre dagar sidan har auka lysta på å flytte sørover for ein periode, ikkje minst med tanke på at den sportslege målsetjinga til sørlendingane står godt til Tangedal sine personlege ambisjonar. - Det kunne ha vore moro å prøve seg i toppen av 2. divisjon, og helst vere med på eit opprykk til 1. divisjon, seier han.
- Ikkje framtid i Sogndal
Kim Tangedal har framleis to år igjen av kontrakten med Sogndal fotball, men han ser lite håp om ei framtid i klubben. - Eg har som mål å nå høgast mogeleg, og då er det ikkje noko poeng i å spele for andrelaget til Sogndal, eller å få nokre innhopp på fem eller ti minutt i 1. divisjon. No er eg 22 år, og eg må vere i eit lag der eg får speletid, spele helg etter helg og få spelt på meg litt sjølvtillit, ja starte på ny rett og slett.