Hopp til innhold

Populær rustrening

Treningsopplegget som er utvikla for ruspasientar i Sogn og Fjordane breier om seg i heile landet.

Fleire fylke og intstitusjonar har fatta interesse for opplegget. Det seier ruskoordinator Harald Munkevold.

- Dette er veldig stort, både frå brukarane og partnarane. Så dette berre aukar på, seier han.

Knall-suksess

I tre år har Psykatrisk klinikk på Førde Sentralsjukehus utdanna treningskontakter i samarbeid med Sogn og Fjordane Idrettskrins. I alt har 350 fått dette unike kurset her i fylket. Treningskontakten skal hjelpe til med fysisk aktivitet i etterkant av eit institusjonsopphald. Opplegget har vore ein knall-suksess.

- Det har spreidd seg frå Førde til fleire kommunar og fylke. Dette er nærmiljø-arbeid der vi brukar enkle tiltak for å hjelpe pasientar med spesielle lidingar. Det er nært pasienten og det er ein effektiv måte å hjelpe på, seier han.

- Livskvaliteten har endra seg totalt.

Asbjørn Natvik

Snudd opp-ned på livet

Asbjørn Natvik frå Høyanger har slite med rus, angst og depresjon. Han kom med i prosjektet i 2004. For han har det snudd opp-ned på livet.

- Livskvaliteten har endra seg totalt, seier han.

Natvik sjølv har teke trenarkontakt-kurs og håpar han kan hjelpe andre.

- Eg meiner sjølv at eg har veldig mykje å tilføre. Eg veit ofte problem folk strir med, og det å ha ein slik ballast trur eg er veldig viktig, seier han.

Aktiv på dagtid

Og det er nettopp det som no er planen. Frå 20. februar vil også opplegget med treningskontakt bli utvida. Målet i år er 200 nye deltakarar.  

- Vi skal fortsette med noko som heiter "aktiv på dagtid", der vi utvidar gruppa frå rus/psykiatri til arbeidsledige, folk som er sjukmelde, på rehabilitering eller på attføring, seier han.