Hopp til innhold

Polititilsett pågripen og suspendert for truslar

Politimeisteren har i dag suspendert ein tilsett i Vest politidistrikt etter at vedkommande i natt blei pågripen og sikta for truslar.

Bergen politikammer

TRUSLAR: Ein polititilsett er sikta for truslar i natt og suspendert med umiddelbar verknad.

Foto: Mette Anthun / NRK

I ei pressemelding skriv Vest politidistrikt at den tilsette er sikta etter straffelovas paragraf 263.

I paragrafen heiter det:

«Den som i ord eller handling truer med straffbar atferd under slike omstendigheter at trusselen er egnet til å fremkalle alvorlig frykt, straffes med bot eller fengsel inntil 1 år.»

Suspensjonen er gjort med heimel i statstilsettlova og gjeld med umiddelbar verknad. Tilsettingsrådet skal behandla suspensjonen på sitt første ordinære møte i august.

Statsadvokaten er anmoda om å oppnevna settepolitidistrikt og Sør-Vest politidistrikt skal overta etterforskinga av straffesaka.

Politiet skriv tysdag kveld at det ikkje blir gjeve nokon opplysningar om verken straffesaka eller suspensjonen ut over innhaldet i pressemeldinga.