- Det gjer veldig godt å bli trudd, seier Tuftene til NRK Sogn og Fjordane.
Les og:
Les og:
Venta lenge
Han har venta i eitt år på avgjerda frå Spesialeininga for politisaker. Og nyleg fekk han svaret. Politimannen som er tilsett ved Oslo politidistrikt må ut med 5.000 kroner i bot for å ha brukt unødvendig makt mot Tuftene.
- Som regel er det politiet som blir trudd i slike saker, difor overraska det meg at utfallet vart slik, seier Tuftene.
Køyrde ved
Episoden fann stad i mars i fjor.
Tuftene og sonen hadde køyrt snøskuter til stølshuset sitt i Sogndalsdalen med ved - då eit politihelkopter jakt etter folk som køyrde ulovleg på snøskuter landa like ved. Tuftene si skuterkøyring var av det lovlege slaget. Både fordi han var ute i næringsføremål og fordi han har løyve til leigekøyring - eit løyve han også viste politiet.
Men dei to politimennene, den eine lokal, den andre frå Oslo - ville sjå mobiltelefonen hans for å sjå om han hadde varsla dei som råkøyrde på skuter. Tuftene nekta og kravde ransakingsordre - og dermed var basketaket i gang.
Det enda blant anna med at Tuftene fekk seg fleire kutt i ansiktet.
- Unødvendig maktbruk
- Vi har bøtlagd politimannen for unødig bruk av vald. Maktbruken, blant anna det at han sit oppå Tuftene i seks minutt, står heller ikkje i forhold til situasjonen, seier Jan Egil Presthus, sjef for Spesialeininga for politisaker.
Dei har hatt ei grundig etterforsking av episoden i Sogndalsdalen i mars i fjor.
- Vi føler vi har konkludert på eit godt grunnlag, seier Presthus.
Vedtar ikkje bota
Spesialeininga har fått melding om at den 38 år gamle polititenestemannen ikkje kjem til å vedta bota. Det betyr at saka kan hamne i retten. Det tykkjer ikkje Kjell Arthur Tuftene noko om.
- Det er veldig dårleg gjort av vedkomande. Her har spesialeininga slått ned på eit alvorleg forhold for å gjere politiet tryggare, det må også han godta, seier Tuftene.