Hopp til innhold

Melder politimann for vald

Politiet stadfestar at det var eit basketak mellom sogndølen Kjell Arthur Tuftene og ein polititenestemann torsdag.

Kjell Arthur Tuftene
Foto: Arve Uglum / NRK

Tuftene har i dag meldt ein politimann for overfall , og er no sjukemeld etter samanstøyten med politimannen.

- Saka vil bli etterforska av Spesialeininga for politisaker, seier konstituert politimeister i Sogn og Fjordane Terje Gjertsen.

Tuftene seier han vart angripen av ein politimann på jakt etter ulovlege snøscooter-køyrarar. Han fekk seg eit kne i ansiktet som resulterte i eit kutt i nasen og sprukken leppe.

Sonen hans på 11 år var vitne til det heile og sprang og gøymde seg.

Blodet rann frå nase og munn

- Den eine politmannen sigla i strupen på meg og vrir meg av sleden og ned i snøen. Blodet rann både frå munn og nase, seier Tutfene.

- Den andre politimannen tok då ordet og sa at kollegaen måtte roe seg ned litt. Men det gjorde han ikkje. seier Tuftene.

Hadde løyve

Tuftene og sonen hadde køyrt snøscooter til stølshuset sitt i Sogndalsdalen med ved, då eit politihelkopter på jakt etter folk som køyrde ulovleg på snøscooter landa like ved. Tuftene seier køyringa hans var heilt lovleg fordi han var ute i næringsføremå,l og i tillegg har løyve til leigekøyring.

Ville sjå mobilen

Han viste løyvet til poltiiet, men dei to politimennene skal ha sagt at dei ville sjå mobiltelefonen hans for å sjå om han hadde varsla dei som råkøyrde på scooter. Tuftene nekta og kravde ransakingsordre. Ifølgje Tuftene var dermed basketaket i gang.

- Eg gjev til slutt frå meg mobiltelefonen og dei trykkjer på han før politien kjem med handa si og lurer på om vi ikkje kan gjere opp her og no. Men eg seier at det ikkje blir aktuelt etter den framgangsmåten han har drive med, seier Tuftene.

Den eine av politmennen var lokal, medan den andre var frå Oslo.

Vondt i nakken

Tuftene er sjukmeld i dag. Han har eit blodig kutt på høgre side av nasen og sprukken lepe.

- Men det verste er at eg har vondt i nakken, seier Tuftene.

Har høyrt om saka

Lensmann i Sogndal, Jan Tore Thue, stadfestar at han kjenner til saka, men vil ikkje uttala seg før han har lest politiforklaringa til Tuftene. Advoakten til Tuftene, Eirik Espelid, seier han reknar med at dette blir ei sak for det spesielle etterforskingsorganet for politisaker.

- Eg stiller spørsmål om sjølve ransakinga var lovleg. For det andre verkar det for meg at den er utført på ein måte som er unødig brutal, seier Espelid.

Sonen gøymde seg

Sonen på 11 år var vitne til det heile og vart vetskremd.

- Han sprang og gøymde seg. Eg fann han igjen gråtande ei stund etterpå, seier Tuftene.