Politikarane kuttar i eiga løn: – Vårt bidrag i eit krevjande budsjett

SOGNDAL (NRK): Sogndal kutter i løna til alle politikarar for å kome i mål med budsjettet. – Riktig at politikarane får merke koronakrisa på kroppen, seier Bjørnar Moxnes.

Arnstein Menes og Vibeke Johnsen

JA TIL LØNSKUTT: Arnstein Menes (Sp) og Vibeke Johnsen (SV). Finansutvalet i Sogndal sa samrøystes ja til å be kommunestyret setja ned godtgjerslene til seg sjølve med 10 prosent, for å få budsjett og økonomiplan i hop.

Foto: Lars Volldal / NRK

– Det viser at me kan kutta hjå oss sjølv også, når me er i den situasjonen me er i, seier Stig Ove Ølmheim (Ap).

Måndag gjekk han og eit samla finansutval i nye Sogndal kommune inn for å kutte godtgjersla til alle politikarane i kommunen med 10 prosent.

Grunngjevinga er å få budsjett og økonomiplan i balanse.

Kommunestyret i Sogndal har tidlegare vedteke at ordførar skal ha same godtgjersle om den årlege faste godtgjersla til stortingsrepresentantane, altså 987.997 kroner.

Mindre løn på ordføraren

For ordførar Arnstein Menes (Sp) betyr vedtaket at løna blir om lag 100.000 kroner lågare.

– Det er krevjande å få budsjettet i hop. Då er dette bidraget frå politikarane i vår kommune, seier han.

Menes meiner alle summar bidreg, men seier at signala politikarane sender er like viktige.

– Tala vi fekk frå rådmannen i går viser mellom 8 og 9 millionar kroner i minus for 2021. Derfor jobbar vi no med såkalla konsekvens-tiltak, seier han.

Saka skal til godkjenning i kommunestyret i desember. Men med ei innstilling frå eit samla finansutval skal det mykje til at framlegget ikkje går gjennom.

Gausdal kommune gjorde det same i 2018.

Valde å fryse løna

Stortinget vedtok i april å fryse lønningane til alle norske politikarar. Årsaka er ikkje koronaepidemien, men at fleirtalet i Stortinget ønsker å sette ned eit eige utval for å sjå på lønnsnivået til våre folkevalde.

– Vi er no i ein helt spesiell situasjon der mange familiar får et kraftig inntektskutt når dei hamnar på dagpengar. Veldig mange arbeidstakarar, familiar og eineforsørgarar må stramme inn på livreima. Då bør også politikarane gjere det, seier Bjørnar Moxnes, leiar i Raudt.

Han kallar det «symbolsk riktig og viktig at politikarane får merke koronakrisa på kroppen».

– Ikkje minst i ein situasjon der fleire hundre tusen arbeidstakarar har blitt permitterte eller mista jobben, seier han.

Bjørnar Moxnes snakker om sitt alternative budsjett

RIKTIG: Bjørnar Moxnes (Raudt) meiner det er både viktig og riktig å redusere løna no.

Foto: Cicilie Andersen / NRK

SV gir til partiet

I SV har det lenge vore ein regel at 10 prosent av lønna går til partiet.

– Det skal vere godtgjersle for folkevald-arbeid, men det er også viktig at det er måtehald, seier Hege Lothe, leiar i Vestland SV.

Ho er positiv til lønskuttet i Sogndal.

– No når ein samrøystes politisk miljø i Sogndal går inn for å kutte 10 prosent er det veldig bra. Då er ein nede på det nivået SV gjekk inn for i fellesnemnda, seier ho.

Hege Lothe

POSITIV: Hege Lothe er positiv til lønskuttet i Sogndal. 

Foto: Harald Kolseth / NRK

På gata i Leikanger, der kommuneadministrasjonen held hus, er dei nøgde med signala politikarane no vel å senda med lønskuttet sitt.

– Eg tenker det er bra så lenge midlane som blir til overs går til ei god sak, seier Cathrine Teigen Volle.

– Det er eit bra tiltak, dei kunne kanskje gått ned endå litt meir og, seier Omar Duranovic.