Hopp til innhold

Her vart motstandsfolk torturert under krigen. No har politihunden Cooper funne blodspor

Om det oppsiktsvekkjande blodfunnet stammar frå krigens dagar, veit ein enno ikkje. DNA-analysar kan gje svar.

Det sokalla Gestapohuset i Bergen er ein av stadane i Noreg der nazistane heldt norske motstandsfolk fanga under andre verdskrig.

Mellom 800 og 900 nordmenn vart tekne inn til valdelege avhøyr i Veiten 3 i Bergen. Mange opplevde grusom tortur. Seks personar omkom.

No er cellene omgjort til museum. Før cellene skulle vaskast ned, ville museumsleiinga sjekka om dei kunne finna spor frå krigens dagar.

Kriminalsøkshunden Cooper (8) fekk oppdraget. Var det i det heile teke mogleg å finne så gamle blodspor?

Gøymd bak radiator

Saman med hundeførar Bjørn Rolland lét dei hunden søke seg igjennom cellene.

Og i den inste cella markerte Cooper.

– Vi tok prøvar og sende desse til vidare analyse som kunne stadfeste at det var blod, fortel krimteknikar Oddvar Moldestad.

Det var spesielt eitt blodspor som vekka politiet si interesse. Dette låg nemleg på ein stad som inntil nyleg har ligge gøymd bak ein varmegenerator som har vore der sidan før krigen.

Med andre ord er dette det blodsporet som med størst sannsyn kan stamme frå krigstida.

Politihunden Cooper i Gestapohuset i Bergen i Veiten 3

FANN SPOR: Kriminalsøkshunden Cooper (8) og hundeførar Bjørn Rolland har funne fleire blodspor i cellene nazistane brukte. Det skal no undersøkast om blodet matchar DNA frå attlevande slektningar.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Fleire enda sine liv her

Funna fekk prosjektkoordinator ved museet, Gita-Govinda Frimannslund Storegjerde til å tenkje på éin spesiell motstandsmann: Leiv Lea.

Lea var viktig for den norske motstandsrørsla. Som den fyrste leiaren for Milorg si avdeling i Rogaland, tok han ein stor risiko.

– Han visste at han visste for mykje, fortel barnebarnet hans, Knut R. Nergaard, som no skal arbeide som frivillig formidlar ved museet.

Motstandsmannen tok sitt eige liv etter å ha vorte arrestert den 30. april 1942. Lea vart funnen i sin eigen blodpøl etter berre éin dags opphald i «Gestapohuset».

– Det dramatiske med denne historia er at mi mormor vart beordra til å sy inn eit knekt barberblad i bukselinningen hans. Når han vart funnen, fann dei også eit slikt barberblad ved sidan av, seier Knut R. Nergaard.

Barnebarnet til Leiv Lea, Knut R. Nergaard utanfor cellene i Gestapohuset i Veiten, Bergen.

STERKE HISTORIER: Barnebarnet til Leiv Lea, Knut R. Nergaard skal jobbe som frivillig formidlar ved Gestapomuseet, der morfaren hans enda sin dagar.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Håpar å identifisera kven som sat kvar

Det skal no undersøkjast om DNA-et i blodspora matchar nokon av dei attlevande slektningane til motstandsfolka som sat fanga i huset under krigen.

Knut R. Nergaard vil ikkje spekulera om det er bestefaren sitt blod som er funne.

– Det vil berre undersøkingane visa. Det var mange som blødde her, seier han.

Prosjektleiar for Gestapomuseet, Gita-Govinda Frimannslund Storegjerde, hadde sjølv ei tippoldemor som sat fanga i Veiten under krigen.

– Ein ting er å vita at far din, bestefar din eller tippoldemora di sat her. Det er noko anna å vita at det var i den cella han eller ho sat, og kva som har skjedd der, seier Storegjerde.

Det er venta svar på DNA-prøvene om ei veke eller to.