Hopp til innhold

Politiet tok førarkortet: Øvingskøyrde i 98 km/t i 50-sona

Ei kvinne i 30-åra har fått førarkortet sitt beslaglagt etter at Utrykkingspolitiet målte ein bil i 98 kilometer i timen i 50-sona, i Klokkarvik på Sotra.

Dette skjedde under øvingskøyring, og følgjepersonen fekk førarkortet sitt beslaglagt. Under øvingskøyring er det følgjeperson som har ansvaret for bilen, som er grunnen til at personen vert straffa.

Personen som køyrde, er ein mann i 30-åra. Han får utsett retten til å få førarkortet. Politiet opprettar sak.

– Det er graverande. Det må stå over 100 på speedometeret, så dette er meir enn ein vanleg glipp, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

I tillegg var det to ungar i baksetet, skriv BA.

Biletet er illustrasjonsbilete frå den aktuelle strekninga.

Klokkarvik i Sund, bilde fra Google Street View
Illustrasjon: Google