Hopp til innhold

Politiet slo til mot innvandrarar dei meiner lyg om identiteten

BERGEN (NRK): I ein aksjon i fem hus arresterte politiet asylsøkjarar som dei meiner har forklart seg falskt om kvifor dei er i landet.

Aksjon mot personar som har gitt falsk forklaring i Bergen

AKSJONERTE: Bak gardina i denne kjellarleilegheita meiner politiet det bur to personar som har fått lovleg mellombels opphald etter å ha gitt falsk forklaring.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Totalt seks personar vart arresterte i den nøye planlagde politiaksjonen i Bergen tysdag morgon.

I kraftig vestlandsregn og i skjul av desembermørket omringa fire politifolk eit bustadhus i ein bydel i Bergen.

I kjellarbustaden bur to personar som har mellombels lovleg opphald i Norge.

Men etterforskarar i politiet meiner mannen og kvinna ikkje er syriske, slik dei hevda då dei kom til Norge.

– De må bli med oss

– Dette er politiet! Me kjem inn, varslar den eine politibetjenten idet kjellardøra blir opna.

Med lommelykt går dei gjennom den mørke bustaden. Ein person kjem på nakne føter ut frå det eine soverommet.

– Politiet har grunn til å tru at de ikkje snakka sant då de søkte om asyl i Norge. De må koma med oss, seier politibetjenten til kvinna.

Ho får beskjed om å kle på seg og ta med seg det ho treng frå badet.

Utanfor huset ventar ein sivil politibil som tek dei to personane til avhøyr på politistasjonen i Bergen sentrum.

Aksjon mot personer som har gitt falsk forklaring i Bergen

TATT: Seks personar blei arresterte. To av dei budde i dette huset.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Pilotprosjekt

Aksjonen er eit samarbeid mellom Politiets utlendingseining (PU) og Vest politidistrikt. Den har vore planlagd i lang tid.

Dagens aksjon i morgontimane i Bergen retta seg mot totalt seks personar som søkte asyl i 2014 og 2015. Alle fekk mellombels opphald etter å ha fortalt at dei kom frå Syria.

– Undersøkingar over lengre tid gjer at politiet mistenkjer at personane er frå eit anna land og har fått opphald på feilaktig grunnlag, seier leiar Stine Marie Andersen Hætta i tilbakekallingsteamet ved ID-avdelinga i PU.

Aksjonen er del av eit heilt nytt samarbeid i politiet. Normalt samarbeider PU og lokalt politi i aksjonar retta mot asylsøkarar med endeleg avslag på søknaden. Denne aksjonen var derimot retta mot personar med lovleg, mellombels opphald i Norge.

Ros frå Listhaug

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) roser aksjonen i Bergen.

Muntlig spørretime på Stortinget

NØGD: Statsråd Sylvi Listhaug.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det er viktig vi går etter dei vi veit lyg om identiteten, for desse menneska undergrev heile asylinstituttet, seier ho til NRK.

Seniorrådgjevar André Møkkelgjerd i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas) er samd i det.

– Samstundes er det grunn til å spørje om ressursbruken er for stor, og kor mykje ressursar ein skal bruka på å grava i gamle saker, seier Møkkelgjerd, som samstundes åtvarar mot å bruka desse sakene til å skapa mistru mot syriske flyktningar.

Veit ikkje omfanget

Utlendingslova opnar for å arrestere og fengsle (ekstern lenke) når det «antas at utlendingen oppgir uriktig identitet».

Dei seks har sete i avhøyr tysdag, fortel politiadvokat Arne Fjellstad. Han kan ikkje talfeste kor mange asylsøkjarar med godkjend opphald som politiet trur lever med falsk identitet.

– Men vi veit at ein del søknader vart handsama raskt i 2015, og at det derfor kan vere ein del døme på dette rundt om i Norge, seier han.