Hopp til innhold

Politiet om helikopterstyrten: Personane om bord hadde på overlevingsdrakt

Ifølge Hovudredningssentralen hadde dei seks personane som var om bord på helikopteret som styrta vest for Sotra i går kveld på seg overlevingsdrakt.

Det seier stabssjef Gustav Magne Landro i Vest politidistrikt.

Ei kvinne i 60-årsalderen er stadfesta omkome etter helikopterulykka. Ein person har status som kritisk skadd, ein annan som alvorleg skadd, og tre andre som lettare skadd. Dei fem er innlagde på Haukeland universitetssjukehus.