Hopp til innhold

Politiet legg vekk sak etter grovt ran

Politiet har avslutta etterforskinga etter eit grovt ran i Knarrevik på Sotra i fjor haust. Det skriv Bergens Tidende.

Dei har ikkje lukkast med å finna ein gjerningsperson, trass både teknisk og taktisk etterforsking.

Det var ein septemberdag i fjor at ein mann med kniv tok seg inn i huset i Knarrevik. Inne i huset var det ei kvinne med fleire små barn. Der trua han til seg fleire gjenstandar. Kvinna vart køyrt til legevakta etter hendinga, og i ettertid måtte dei flytta til ny adresse.