Hopp til innhold

Her har dei søkt etter Veronica (22)

Politiet ynskjer å kome i kontakt med tre personar og førar av ein mørk kassebil som vart observert ved Årøy sundag 26. oktober den helga Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) forsvann. Til helga vert søket trappa opp.

Leiteaksjon etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

SØK: Ein har søkt i eit stort område etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet. Rosa indikerer hundesøk, medan blått er gjennomsøkt av Røde Kors-mannskap. Grønt viser kvar ein har søkt med båt og ubåt.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Foto: Privat

– Eit vitne som køyrde frå Sogndal til Hafslo har forklart at han såg to personar med fleire kassar eller bagasje som sat i busskuret ved Årøy. Ein tredje person såg ut til å prate med føraren av ein mørk kassebil som stod parkert på ei avkøyrsle like ved busstoppen, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet vart sist sett laurdag 25. oktober. Sidan tysdag 28. oktober har store leitemannskap søkt etter den sakna kvinna i området kring heimen hennar i Årøy.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Politiet trappar no opp søket og set inn mini-ubåt for å leite etter den sakna 22-åringen, Veronica Heggheim Stegegjerdet. Ho forsvann sporlaust frå heimen sin i Sogndal for snart to veker sidan.

SJÅ TV-SAK: Politiet trappar i helga opp søket etter den sakna 22-åringen i Årøy.

Torsdag 6. november har det vore leita både helikopter og miniubåt, og laurdag kan all som ynskjer bidra i ein storaksjon.

Søkjer i Barsnesfjorden

SØKER MED MINIUBÅT: Store leitemannskap har i snart to veker leitar etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) utan resultat

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tipset om den mørke bilen og dei tre personane ved busskuret, er eit av fleire som politiet har fått inn. Det som gjer akkurat dette tipset så interessant for politiet er at dei så langt ikkje har klart å få det verifisert via andre vitne.

– Difor går vi no ut og ber om opplysningar i forhold til den observasjonen. Vi ber dei som måtte ha kunnskap om dette om å ta kontakt med politiet.

Politiet har no oppretta eit eige nummer for å samle tips i saka om den sakna kvinna. Dei som har tips kan ringe 57 75 88 00.