Med spektakulære fjell og den djupe Sognefjorden som næraste naboar, har turistbygda Balestrand lokka til seg turistar frå heile verda frå tidleg på 1800-talet. Både tyske keisarar og internasjonale kunstmålarar har late seg lokke til den vakre bygda.
No vil sjefen ved tradisjonsrike Kviknes Hotel gjere opphaldet i bygda endå meir spektakulært.
– Vi vil lage noko som er så spanande at det blir eit «must» å reise til Balestrand, seier Sigurd Kvikne, dagleg leiar ved Kviknes Hotel.
– Spektakulær oppleving
For i Noreg finst det berre eit liknande tilbod, på Båly ved Lindesnes. Den undersjøiske restauranten der var europas første i sitt slag då den vart opna i 2019.
SPEKTAKULÆRT: Om gruppa bak planane får det som dei vil, kan du om nokre år ete og slappe av rett under vassflata i Sognefjorden.
Illustrasjon: Mad ArkitekterI Balestrand er planen å byggje ein flytedokk, som og skal fungere som ein molo og bølgjebrytar for ei gjestehamn og eit utandørs, flytande symjebasseng. Og her, i vasskorpa i verdas lengste og djupaste fjord, Sognefjorden, skal det altså byggjast ein restaurant.
– Vi ønskjer å lage noko spektakulært ut av ein praktisk funksjon, fortel arkitekt, partnar og dagleg leiar, Per Fretheim, i Mad arkitekter i Stavanger.
– Dette vert ein spektakulær restaurant med spesiell utsikt, lyssetting og arkitektur. Her skal du få den beste sjømaten mellom Bergen og Trondheim, sa ein oppglødd hotellsjef då han presenterte planane i dag.
HAR PLANAR: Dagleg leiar ved Kviknes Hotel, Sigurd Kvikne (f.v.), arkitekt Per Fretheim og investor Kurt Kleive kan førebels ikkje seie noko om prislappen på planane.
Foto: Andrea A. Krüger / NRK50–100 nye arbeidsplassar
Målet hans er å styrke Balestrand som reisemål i Noreg, heile året.
– Vi skal få fleire, godt betlande og berekraftige turistar heile året. Eg trur dette kan skape mellom 50 og 100 nye heilårsarbeidsplassar i Balestrand, seier Kvikne.
Førebels påstår Kvikne at han ikkje har rekna på kva prosjektet vil koste eller når det kan stå ferdig. No skal det lagast eit forprosjekt som gir meir konkrete svar.
BØLGJEBRYTAR: Flytedokka, der restauranten skal byggjast, har og ein funksjon som molo og bølgjebrytar for gjestehamna og eit utandørs, flytande symjebasseng.
Illustrasjon: Mad arkitekterOrdføraren: – Veldig spennande
Ordførar i Sogndal, Arnstein Menes (Sp), er og oppglødd over planane. Han seier dei er blitt godt mottekne i det politiske miljøet.
– Dette er veldig spennande. Prosjektet byggjer på profilen til Balestrand som har sagt nei til cruise og i staden satsar på berekraftig turisme. Dette vil gjere bygda til ein endå meir spennande plass å reise til, seier ordføraren.
TRADISJONSRIKT: Kviknes Hotel i Balestrand har teke imot gjester sidan 1800-talet. Den nye restauranten skal liggje bak neset til høgre for hotellet.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK