Hopp til innhold

Pionerprosjekt skal fjerne gift i sjøen

BERGEN (NRK): Testar av korleis ein best dekker til den forureina botnen i Store Lungegårdsvann er i gang. Laus sjøbotn og skråningar gjer det utfordrande.

Store Lungegårdsvann

TEST-TILDEKKING: Den gule drona som ligg i Store Lungegårdsvann styrer utlegginga av sandmassar som skal dekke til miljøgifter på botnen.

Foto: Lene Granli / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Her kan ein sjå skjellsandlaget som ligg på botnen, seier Aud Sundal i Cowi medan ho peikar ut over Store Lungegårdsvann.

Selskapet har ansvaret for arbeidet med å finne ut kva for ein metode som er best for å dekke til miljøgiftene på botnen.

– Miljøgiftene kjem frå forskjellige aktivitetar opp gjennom historia, som skipsverft og målingsfabrikkar. Dette har hamna i fjorden, og miljøgiftene spreier seg ut i næringskjeda. Dette vil me gjere noko med, seier Per Vikse i Renere havn Bergen.

Testar ulike metodar

Ved Florida ligg ein gul flåte og lange røyr som vert halde flytande av store blåser. Herfrå vert ei lagvis blanding av skjelsand og kol pumpa ned til botnen.

Kolet skal binde seg til forureininga, slik at den vert mindre tilgjengeleg for dyr.

– Vil dette halde?

– Det går vi ut ifrå. Materialet skal halde miljøgiftene på plass, seier Vikse.

Aud Sundal, Per Vikse, Gry Stenersen

SAMARBEID: Aud Sundal (t.v.) frå Cowi, Per Vikse i Renere havn Bergen og Gry Stenersen (t.h.) i Bergen kommune samarbeidar om prosjektet med å dekke over miljøgifter på botnen av Store Lungegårdsvann, Puddefjroden og Vågen.

Foto: Lene Granli / NRK

Målet er å finne kva for ein metode som er den beste for å dekke til miljøgiftene, og det er to måtar som no vert testa.

– I eit testfelt dekker vi sjøbotnen med skjelsand og mineralsk sand i tynne lag, opp til 30 centimeter. I eit anna testfelt har vi lagt ut eit tynnare lag med sand, og i tillegg ein tynn horisont med aktivt kol, forklarar Sunndal.

Ho seier at kombinasjonen med laus sjøbotn og skråningar gjer testinga utfordrande.

– Det kan godt hende vi kjem fram til at den beste metoden vil variere avhengig av områda i Store Lungegårdsvann. Ein kan finne optimale løysingar for ulike felt, seier Sunndal.

Vil ta fleire år

Prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Miljødirektoratet og Bergen og omegn havnevesen.

I Puddefjorden er tilsvarande arbeid allereie i gong, og etter testinga i Store Lungegårdsvann står Vågen for tur.

– Dette er eit stort prosjekt, seier prosjektleiar Gry Stenersen i Bergen kommune.

– I omkrins er det 440.000 kvadratmeter. Puddefjorden og Store Lungegårdsvann er omtrent like stort i areal, og i pengar er det snakk om 150–200 millionar kroner for kvar av dei, seier Stenersen.

Store Lungegårdsvann

UTFORDRING: I tillegg til å finne ut kva for ein metode som er best for å dekke til miljøgiftene på botnen, må ein finne den beste måten å få dette inn i Store Lungegårdsvann på. Ingen lekter kjem under gamle Nygårdsbroen.

Foto: Lene Granli / NRK

Undervegs i testinga vert det teke prøvar av vatnet og av botnen som skal analyserast. Til slutt skal alt vurderast, for å sjå kva for ein metode som er den beste.

– Det har teke lang tid å planlegge dette arbeidet, og det vil ta nokre år før vi er ferdige. Arbeidet i Puddefjorden vil ta ytterlegare halvanna år, deretter skal det dekkast til her i Store Lungegårdsvann, før vi startar på Vågen, seier Vikse.