Hopp til innhold

Dei tilsette får æra for økonomisk opptur i Norsun

ÅRDAL (NRK): No skal solcelleverksemda auke produksjonen. – Vi må fjerne nokre flaskehalsar. Det er vi i full gang med, seier fabrikksjefen.

Øystein Ullebø og Steinar Talle i Norsun

SMILER OM KAPP MED SOLA: Tillitsvald Øystein Ullebø og fabrikksjef Steinar Talle takkar dei tilsette sin innsats for gode resultat.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Talet på tilsette ved fabrikken på Årdalstangen er auka til 215, og etterspørselen etter produkta deira er god.

Fabrikksjef Steinar Talle viser oss rundt i hallen der lange metallstavar blir saga opp til lauvtynne firkanta såkalla wafers, for så å bli vaska og til slutt pakka med hand før dei blir sende vidare til ein fabrikk i Malaysia, der dei blir monterte saman i solcellepanel.

Steinar Talle

ROSAR DEI TILSETTE: Fabrikksjef Steinar Talle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Produksjonsrekord

Norsun leverte eit resultat på nesten 20 millionar kroner i fjor. Steinar Talle vart tilsett som fabrikksjef sist haust men tek ikkje sjølv æra for det gode resultatet. Stor innsats frå dei tilsette er mykje av grunnen, seier han.

– Vi er veldig godt nøgde her på Norsun. Resultatet kjem av veldig gode produksjonstal. Vi har fått litt hjelp av valutaen, men den dedikerte organisasjonen og dei flinke tilsette har stått i bresjen for veldig gode resultat. Det akkumulerte med ein fantastisk god produksjonsrekord i desember.

Wafers på Norsun

PRODUKTET: Her er dei lauvtynne waferane på veg mot pakking, etter å ha vore gjennom grundig vask.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eigarar med is i magen

Norsun-fabrikken på Årdalstangen vart opna i 2008 av kronprinsparet, og kom fort opp i over 200 tilsette. Men prisane på produktet deira var ikkje høge nok til å gje overskot, og i 2012 svikta etterspørselen.

Det førte til at 90 av dei 233 tilsette vart permitterte. I mai 2013 var dei nede i 178. Resultatet i 2011 var 700 millionar i underskot.

Men eigarane hadde is i magen, konstaterer fabrikksjef Talle.

– Vi har eit styre som har veldig tru på solenergibransjen. Det har eg og. Vi ser stadig bilete frå storbyar i Asia med smog, der dei brukar veldig mykje fossilt brennstoff. Både dei og heile kloden treng meir fornybar energi.

Norsun - sagehall

KLAR FOR SAGING: Dei lange sylindrane er komne inn i hallen der dei først skal sagast firkanta, deretter opp i tynne skiver.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Skal auke produksjonen

Det står Talle og dei 215 tilsette ved Norsun på Årdalstangen klare til å forsyne verda med. Nyleg vart det investert 70 millionar kroner i nytt produksjonsutstyr som skal gjere drifta meir lønsam og effektiv.

– Vi har planar om å fjerne flaskehalsar og auke produksjonen. Det er vi i full gang med.

– Kjempeinnsats

Øystein Ullebø

– TRIVELEG ARBEIDSPLASS: Tillitsvald Øystein Ullebø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei tilsette har vore gjennom tunge tider, men no kan tillitsvald Øystein Ullebø sjå at pilene peikar rett veg.

– Stemninga er positiv. Det er kjekt å få eit pluss-år etter mange år med nedgang. Det er lagt ned ein kjempeinnsats frå dei tilsette gjennom eit godt forbetringsarbeid.

Norsun i Årdal har ein ung arbeidsstokk, gjennomsnittsalderen er rundt 37 år. Og hit pendlar det folk frå fleire sognekommunar. Ullebø meiner dei tilsette ofra mykje då pilene peika ein heilt annan veg enn i dag.

– Vi viser moderasjon når vi kan. Når det er nedgangstider må vi gjere det. Men no går det bra. Norsun er ein triveleg arbeidsplass.

Norsun - produksjonshall

RÅSTOFFET PÅ VEG: Ein tilsett trillar inn råstoffet, som skal støypast til ein lang sylinder på ein av arbeidsstasjonane. Seinare blir sylindrane skorne til, slik at dei blir firkanta, og deretter saga opp til svært tynne skiver.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK