Person påkøyrd på Damsgård

Ein 30 år gamal mann vart påkøyrd av ein bil i Kringsjåveien på Damsgård i Bergen. Ulukka skal ha skjedd i tilknyting til at mannen dreiv trafikkdirigering. Han er bevisst, men skadeomfanget er ukjend. Mannen er køyrd til Haukeland. Førar er frakta til legevakt for blodprøve, då det er mistanke om køyring i rusa tilstand. Førarkortet er drege inn.