Pelsdyroppdrettarane i fylket er nøgde med den nye forskrifta for pelsdyrhald som landbruksdepartementet presenterte i dag.
- LES OGSÅ:
Opne armar
Forskrifta krev mellom annna betre burforhold, avl på mindre aggressive dyr og hyppigare kontrollar frå Mattilsynet.
– Den tek vi i mot med opne armar, og vi skal føye oss etter den.
Det seier ny leiar i Fjordane pelsdyralslag, Olav Haugen. Han er sjølv pelsoppdrettar i Lærdal.
Lite nytt
– Dette er ei forskrift som formaliserer ting vi har jobba med sjølve i mange, mange år. Som rømmingssikert yttergjerde, og frostfritt vassanlegg, og tillitsfulle avlsdyr.
Næringa har vore under massivt press dei siste åra etter at dyrevernarar fleire gonger har dokumentert uverdige forhold for dyra på fleire gardar, landet rundt.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fleire har krevd at landbruksministeren skal avvikle heile næringa. Difor frykta Haugen og dei andre oppdrettarane det verste.
– Fornuften sigra
– Det verste som kunne kome var ei styrt avvikling. Men det finst det ikkje saklege argument for. Ministeren må høyre på alle. Både motstandarar og forkjemparar for pelsoppdrett. Fornuften sigra til slutt.
– Men kvifor dukkar det stadig opp dokumentasjon på pelsdyr som er utsette for kummerlege forhold i bur?
– Dyr kan bli sjuke. Det er inga lov som forbyr sjuke dyr, men vi skal gje dei naudsynt behandling.
– Eg kan ikkje garantere noko som helst. Men vi jobbar for å unngå slike ting. Ein pelsdyroppdrettar er ingen dyremishandlar. Vi vil ikkje at dyr skal lide, seier Olav Haugen i Fjordane pelsdyralslag.