Hopp til innhold

Demonstrerte mot pelsdyrnæringa

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid demonstrerte mot pelsdyrnæringa i ettermiddag.

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn demonstrerte mot pelsdyrnæringa i Oslo måndag ettermiddag.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Utanfor Landbruks- og matdepartementets kontorer i Oslo hadde eit trettitalls demonstrantar samla seg for å vise sin motstand til den utskjelte næringa.

Måndag ettermiddag har landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) vore i møte med pelsdyrnæringa , og krev at dei ryddar opp i eigne rekker etter nye avsløringarn om dyremishandling.

Rotevatn meiner pelsdyrnæringa opptrer umoralsk.

– Vi bør gjere som våre naboland og legge ned heile industrien. Kvifor skal nordmenns skattepengar brukast til å millionsubsidiere dyreplageri?, seier Rotevatn.

Han meiner nordmenn flest ikkje er interessert i pels, og at det blir feil at Norge skal halde kinesarar og russarar med pelskåper.

– Kor lenge kan regjeringa sitje roleg og sjå på denne dyretorturen utan å handle? Tida er overmoden for å forby pelsdyroppdrett i Norge, seier han.

– Dette er tredje året på rad at dyrevernarar dokumenterer uakseptable tilhøve i norsk pelsdyrnæring. Eg fryktar regjeringa for tredje år på rad kjem til å lire av seg nokre fraser om kor trist og leit dette er, før dei går tilbake til å gjere ingenting.

Pelsdyr i fangenskap mangler ben

Denne reven manglar bein.

Foto: Nettverk for dyrs frihet/Dyrebeskyttelsen