Hopp til innhold

Kjærestepar narkosikta

Ein mann frå Sogn er varetektsfengsla fram til 26. januar for omsetjing av narkotika.

Saman med kjærasten vart han for ein månad sidan arrestert av politiet, mistenkt for å ha omsett eit større kvantum narkotiske stoff. Etter det NRK kjenner til meiner politiet det dreier seg om tre-fire kilo.

– Vedgått omsetjing

Vesle julaftan var det fengslingsmøte i Fjordane tingrett, der mannen samtykte i å sitte fire veker til i varetektsfengsel.

– Klienten min har vedgått å ha omsett narkotika, men han er usamd med politiet om kor mykje som er omsett, seier advokat Louis Anda.

– Ingen kommentar

Ut over dette vil han ikkje seie noko meir om saka. Han viser til politiadvokat Knut Broberg, men denne har berre to ord:

– Ingen kommentar.

Ivar Blikra er advokaten til kjærasten til den varetektsfengsla Høyanger-mannen.