Hopp til innhold

Pandemien gjer at Anders ikkje får køyre opp: – Vegvesenet må få ræva i gir

Mangel på sensorar fører til at unge hamnar i korona-kø for å få ta traktorlappen. – Krise, seier leiaren ved opplæringskontoret.

Andreas Ølmheim Barås frå Sogndal.

KØ: 17-åringen Anders Ølmheim Baraas frå Sogndal er ein av dei som utolmodig ventar på å kunne få køyre opp på traktor.

Foto: Eirik Johnsen

– Statens vegvesen bør få ræva i gir, seier 17 år gamle Anders Ølmheim Baraas frå Sogndal.

Han er ein av dei som har venta i fleire månader på å få ta lappen på traktor. Pandemien fører til svekka tilgang på sensorar

– Eg veit at det er fleire lærlingar som ikkje har fått køyrd opp. Det er jo krise, seier Jan Erik Øygard, som er leiar for maskinentreprenørane sitt opplæringskontor i Sogn og Fjordane.

Torbjørn Brosvik er seksjonsleiar i Statens vegvesen. Han gir fleire faktorar skulda.

– Det korte svaret er korona. Vi har ikkje fått gjennomført etterutdanning for at sensorar skal bli godkjent for to nye år. Samtidig har vi også sensorar med folk i risikogruppa rundt seg som gjer at vi må ta ekstra omsyn, seier han.

Til no i år er det teke 139 teoriprøver ved trafikkstasjonar i Vestland og Rogaland, og 99 praktiske prøver.

Torbjørn Brosvik

PROBLEM: Torbjørn Brosvik er seksjonsleiar i Statens vegvesen. Han forklarar at pandemien har skapt utfordringar også for dei.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Hamnar bakpå

Etterslepet får konsekvensar også på sikt for dei som blir råka av sensormangelen. Ein traktor veg om lag 24 tonn. For å få lov til å køyre tyngre køyretøy må sjåføren ha hatt lappen i to år.

– I dette yrket er maskinene ofte over 20 tonn. No må eg vente lenger med å få køyre på veg sidan prosessen blir forsinka, seier 17-åringen frå Sogndal.

I praksis betyr dette at det tek lang tid før dei får setje seg bak rattet i maskiner som veg meir enn 24 tonn.

Hos nokre bedrifter er det også krav om lappen for å få læreplass.

– Det er litt trasig for dei som er ferdige med både lærekøyring og teorien og som no berre går og ventar, seier Vidar Aase.

Han er faglærar på bygg- og anleggsteknikk på Mo og Øyrane. Hos dei ventar fire elevar på oppkøyring.

Han meiner dei elevane som har lappen på traktor også får meir ut av læretida.

– Dei får kanskje vere meir med på å bruke maskiner, og entreprenørane kan bruke dei på fleire prosjekt. Derfor er det ein stor fordel å ha lappen, seier han.

Traktorlappen

TUNGE KØYRETØY: – I dette yrket er maskinene ofte over 20 tonn. No må eg vente lenger med å få køyre på veg sidan prosessen blir forsinka, seier 17-åringen frå Sogndal.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Høge krav

Brosvik fortel at det er strenge krav for å bli sensor på oppkøyringa til sertifikatet på traktor. Krava byggjer på regelverket til EU.

– Vi har prøvd å få gjennomført kurset som sensoren treng to gongar i år allereie. Begge gongane har sensoren vore på plass på flyplassen med billetten i neven, også har det blitt avlyst i siste liten på grunn av koronasituasjonen, seier han.

Han meiner dei har vore uheldige når det gjeld lokale smitteutbrot.

– Vi prøvar stadig vekk å få gjennomført det kurset som er naudsynt. Denne månaden blir det fire dagar med oppkøyring på Nordfjordeid og i Førde, seier han.

– Rekk ein over alle som står i kø?

– Vi tek i alle fall eit godt jafs.

Vidar Aase, faglærar på bygg- og anleggsteknikk på Mo og Øyrane

UROA: Faglærar på bygg- og anleggsteknikk, Vidar Aase, meiner det er synd at mange må vente på oppkøyring.

Foto: Eirik Johnsen / NRK