– Det har vore intenst og spennande, men veldig kjekt. Og så artig at heile bygda er engasjert, seier Jonas Pedersen Øren som er dansar i Nøtteknekkaren. Det er fyrste gong Opera Nordfjord set opp ei ballett-førestilling.
– Eg har veldig lyst å komme tilbake og jobbe meir. Det har vore så kjekt. Eg er så imponert over det dei får til her på Eid. Det er bra for miljøet.
(Saka held fram under biletet)
For berre 9 dagar sidan hadde Opera Nordfjord premiere på Flaggermusen. I år er det 15.årsjubileum for Opera Nordfjord sin fyrste opera.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Små og store deltek
– No skal vi setje opp 3–4 førestillingar av den populære familieballetten Nøtteknekkaren av Tsjaikovsky, med profesjonelle dansesolistar og små og større, lokale dansetalent, til ekte musikk av operaorkesteret, seier Kari Standal Pavelich.
– No gler vi oss til premieren i morgon og håpar det blir fult hus.
- LES OGSÅ:
Opera Nordfjord ønskjer hovudsakleg å bruke lokale dansarar i Nøtteknekkaren. Dessutan skal dansarane ved Eid Ballettskule, ca. 50 i talet vere med på framsyninga.
Ballettsjefen kjem
Koreograf og kunstnarisk leiar for balletten vert Candice Bredesen. Ho er glad for å få kunne jobbe med born og unge.
– Vi har plukka ut 61 ballettdansarar som dansar klassisk ballett. Det har vore fantastiske å jobbe med dei. Det er veldig gøy og dei kjem til å vere fantastiske!
På premieren kjem også Ballettsjef Ingrid Lorentzen ved Den Norske Opera & Ballett.