Kvar torsdag i føremiddagssendinga kan du vere med på stølsbesøk og møte personar som er glad i sin plass. Serien går og i reprise om ettermiddagen.
Del 1: Sandgrova i Hornindal
Setra til gardane Seljeseth og Nygard. Herdis Holmøy var budeie i Knutsdalen i 37 år. Først saman med foreldra og tre systre, seinare i lag med sin eigen familie. Høyr hennar historie:
Del 2: Fellestølen på Lavikdalen
På fellesstølen i Lavikdalen driv dei ei moderne form for stølsdrift. Seks ungdomar i bygda tek seg av dei 64 kyrne som har "sommarferien" sin i fellesfjøsen. To av dei som er budeier denne sommaren er Eirin Borlaug og Tor Mølmesdal:
Del 3: Ommedalsstøylen
Ommedalstøylen ligg i eit vakkert dalføre med frodige beiteområde og flotte fjell. Her har Anne Grete Ommedal mjølka og kinna smør sidan 1975, og i år er ho den einaste budeia på stølen i Hyen. Men sjølv om det berre er drift i eit av dei 8 sela på stølen, er plassen mykje besøkt av bygdefolket no om sommaren.
Del 4: Anestølen i Sogndal
Anestølen ligg i enden av Anestølsvatnet i Sogndalsdalen. Stølen blir driven av familien Husum, med son i huset, Ottar Husum, og sjefsbudeie Jorlaug Husum i hovudrollene. Geitene på stølen produserer 40.000 liter mjølk i året. Men ikkje alt vert levert til TINE. For etter at dei fekk veg opp til stølen på slutten av 50-talet, byrja turistane å kome til støls. Ein del av mjølka går difor til rømmegraut, mylse, kvit og brun geitost. I snart 20 år har dei drive med turisme på Anestølen.
Del 5: Aastøylen
Kvar ettermiddag dreg Judit Aa til fjells for å mjølke. Det har ho gjort dei siste 10-15 sommarane. Helie sommaren deler ho døgnet i to - mellom dagleglivet nede i bygda og fridomen oppe på Aastøylen i Hyen. Dottera Hilde er heime på ferie og er gjerne med på stølen.