Hopp til innhold

På dette skipet ligg tre konteinarar med fyrverkeri på veg til Noreg – kjem ikkje fram før i januar

Tonnevis med fyrverkeri ligg på eit lasteskip på veg til Noreg, og kjem ikkje fram før 3. januar. – Det er som å få fjorårets avis i posten, seier Noregs Fyrverkeriforeining.

Merete Maersk

LASTESKIP: Merete Maersk er full av fyrverkeri og er ikkje i rute.

Foto: Wikimedia Commons

Mange forbind nyttårsaftan med nyttårsrakettar. Her til lands kan ein vanlegvis kjøpa fyrverkeri mellom 27. og 31. desember.

Men i år blir det kanskje ikkje like mange lavaeksplosive innretningar på nattehimmelen. Lasteskipa er forsinka, og mange hyller er snart tomme.

I skrivande stund ligg lasteskipet Merete Maersk utanfor Tyskland, og er på veg til Gøteborg, der det blir frakta til Noreg.

Du kan følgja den spennande reisa her.

Kjem meir på nyåret

Dagleg leiar i fyrverkerileverandøren Spectra Noreg, Erlend Husebø, seier det har vore store utfordringar med frakta frå Kina til Europa.

– Det er ein del leverandørar som ikkje får varene levert før i januar, seier Husebø.

Han seier at Spectra har eit lager i Noreg, og er ikkje det selskapet som lid den største naud, men nokre europeiske leverandørar har fått langt under halvparten av kva dei har bestilt.

Nyttårsaften 2019/2020

FYRVERKERI: Det kan bli få slike bilete på i år viss leveransane ikkje kjem fram.

Foto: Berit Roald

Mindre fyrverkeri gjer større press på dei eksisterande leverandørane.

– Når det er manko i marknaden, så blir det større press hjå oss, og då blir det mindre varer hjå oss. Lageret er i ferd med å bli tømt, seier Husebø.

– Som å få fjorårets avis

Rikard Spets er talsperson i Noregs Fyrverkeriforeining, seier trass i at mykje av fyrverkeriet framleis er på havet, blir det ikkje heilt skrapa i hyllene.

– Nokre varer er meir populære enn andre. Og er du seint ute kjem du ikkje til å kunna finna dei i hyllene, seier Spets.

Rikard Spets i norsk fyrverkeriforening

Rikard Spets i Norsk Fyrverkeriforeining.

Foto: Knut Nordhagen

Spets seier tala for forseinka varer varierer frå leverandør til leverandør.

Han ser ikkje så lyst på at mange får rakettane sine før lenge etter nyttårskalkunen er fordøya, og nyttårsforsetta er brotne.

– Nyttårsrakettar i januar og februar, er ikkje det som å kjøpa gårsdagens avis?

– Det er som å få fjorårets avis i posten.

– Manglar varer

I Trondheim kjenner ein mangelen av fyrverkeri på kroppen.

– Me merkar at prisane har skote til værs. Me manglar en god del varer, seier Silje Hamre, seljar ved «Oles krutt og futt» i bartebyen.

Silje Hamre

FYRVERKERISELJAR: Silje Hamre.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Ho seier folk bør handla tidleg.

– Me har framleis litt forskjellig igjen men sidan kommunen avlyser sitt fyrverkeri anbefalar me at ein er er ute og kjøpar tidlegast mogleg.

– Held seg i fem år

Så kva viss fyrverkeriet kjem fram i 2022? Kva er marknadsverdien på ein nyttårsrakett frå i fjor?

Knut Almeland er distriktsrepresentant i Hordaland for fyrverkerileverandøren Svea, seier dei held seg i fem år.

Erlend Husebø i Spectra meiner at sjølv om det held seg ei stund, er det ikkje problemfritt.

Han har nemleg allereie bestilt varene for neste års sesong, og har då tatt utgangspunkt i at alt han har kjøpt inn i år blir seld.

– Då risikerer eg å bli sitjande med ekstra varer, seier Husebø.

Innkjøpar i Engelsrud fyrverkeri, Gudmund Nordsveen, seier ein skulle tru dei satsa på ei anna høgtid.

– I år satsar me tungt på kinesisk nyttår, ler Nordsveen.