Hopp til innhold

Øygarden kommunestyre vedtok sentrumsplan for Ågotnes

Øygarden kommunestyret har vedteke ein sentrumsplan for Ågotnes, skriv Vestnytt. Planen til Liegruppen og Sotra Trelast er å bygge leilegheiter, næringsbygg og butikkar på gateplan, ifølgje avisa.

Planen har vore forseinka fordi fylkeskommunen kravde ei miljøgate, som kan ha opphøgde gangfelt, fleire plantar og benkar. Kravet er no trekt tilbake, etter at planen om ny hovudveg sørover mot Kolltveit fall.

Aps Marianne Bjorøy er kritisk til at det no vil bli eit bilbasert sentrum - med hus og butikkar på eine sida av vegen, og skule, barnehage og idrett på andre sida, ifølgje Vestnytt.