Hopp til innhold

Overvurderte besøkstala

75 prosent av bussbillettane som blei tinga til Tall Ships Races i Måløy blei det aldri bruk for.

Uselde billettar

Uselde bussbilletar frå Tall Ships Races i Måløy

Foto: Bilete frå revisjonsrapporten

Det går fram av revisjonsrapporten som vart lagt fram i dag.

I alt 230 000 billettar blei tinga og levert i 23 øskjer. Etter at arrangementet var avslutta viser det seg at berre tre av billett-øskjene i heile tatt var opna.

Les og: Rapporterte til seg sjølv

Optimistisk planlegging

Kommunerevisjonen meiner at ei rekke av arrangementa ved den store seglskutefesten var planlagde med stor optimisme. Blant anna var det på det meste snakk om 50000 besøkande kvar dag. I undersøkingane som revisjonen har gjennomført blir det antyda at berre ca 1/3 så mange oppheld seg i Måløy under arangementet.

Kommunerevisjonen meiner at bileta av dei mange ubrukte bussbillettane er eit godt døme på kva publikumssvikt har hatt å seie for kostnadane med Tall Ships Races.