Hopp til innhold

Sjekk din kommune: 136 stader i Noreg har overvakingskamera frå omstridde kinesiske selskap

Nasjonal tryggingsstyresmakt (NSM) åtvarar om moglege «skjulte bakdører» i kamerautstyr som kjem frå Kina. Likevel finst det i skular, omsorgsbustader, ein kommunestyresal og ein flyplass.

I ein ishall i Bergen øver ei gruppe ungdommar seg på kunstløpsskøyter. Det er ekko frå Disney-låtar og skøyteblad som piskar mot is.

På sida av kommentatorboksen, nesten heilt oppe i taket, heng det ein svart kuppel med tre kameralinser som kan bevege seg og zoome inn.

Dette er eit smart-kamera laga av det kinesiske selskapet Hikvision.

– Det er ein kjempefordel å ha det. Det er kjekt for ungane. Dei kan sjå seg etterpå i kampsituasjon, det seier ein trenar i Bergen Ishockey, som er blant abonnentane.

Slik ser det ut i kommunane

Det er ikkje berre idretten som synest at kameraa er nyttige. Dei er lovlege å bruke både offentleg og privat i Noreg, og kameraa er breitt tilgjengelege på marknaden.

For nokre veker sidan avdekka Bergens Tidende at blant anna Bergen bibliotek og Finnøy bibliotek i Stavanger brukar kamera frå den kinesiske produsenten.

Ei NRK-kartlegging viser at det reelle omfanget er større. 136 kommunar i Noreg har dei, anten i regi av kommunen eller private idrettshallar.

Fire kommunar har tidlegare hatt kameraa, og 179 har dei ikkje. Resten har ikkje svart på NRK sine førespurnader, eller fått montert kamera frå strøymeselskapet MyGame.

Bruk søkefeltet i venstre hjørne for å finne din kommune, og få oversikt over kvar kameraa er plasserte:

Kor mange kamera det dreier seg om på kvar plass, varierer i stor grad.

I Ullensaker kommune, kort veg ifrå Oslo lufthamn Gardermoen, er det tett mellom kameraa.

Heile 25 stader har kommunen plassert dei.

Nabokommunen Nes stadfestar til NRK at dei også har Hikvision-kamera, men vil ikkje seie kvar eller kor mange.

Seier videoane ikkje hamnar i Kina

Nokre statar, som USA, har innført forbod mot å bruke kamera frå Hikvision og Dahua fordi dei meiner produkta utgjer ein risiko for den nasjonal tryggleiken.

Andre, som Europaparlamentet, boikottar alt utstyr frå Kina. Men Hikvision meiner ein ikkje treng å vere uroa.

– I Noreg og andre utanlandske marknader, er kundane våre distributørar, tryggleiksintegrerarar og montørar, ikkje brukaren, skriv ein talsperson til NRK.

Bergenshallen

Kameraet i Bergenshallen er resultatet av ein avtale mellom MyGame og Bergen Ishockeyklubb.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

Han seier dei difor ikkje kan overføre informasjonen til tredjepartar.

Selskapet stadfestar at det tidlegare har hatt ein funksjon «som kjenner att minoritetar», som svar på skuldingar meldt i blant anna The Guardian om at utstyret har blitt brukt til undertrykking av uigurar i Kina.

Denne funksjonen blei, ifølge selskapet, fasa ut i 2018.

Ein talsperson for Dahua Technology, som også er gjort forbode av fleire land, seier i ein e-post til NRK at selskapet «verken er eigd eller styrt av noko regjering».

Selskapet hevdar at dei ikkje lagrar informasjonen til nokon av brukarane sine, og har cybertryggleik som sin «topp-prioritet, over alt og alltid».

NRK har vore i kontakt med den kinesiske ambassaden om denne saka, men har ikkje enno lukkast i å få svar.

Utfasing på Værnes har teke to år

– Avinor bestemte i 2022, på bakgrunn av informasjonen som kom fram, å ikkje investere i eller nytte overvakingskamera frå Hikvision, seier teknologidirektør i Avinor, Lars Vågsdal, til NRK.

Likevel er kameraa framleis plasserte rundt omkring på ein flyplass: Trondheim lufthamn Værnes.

Etter planen skal alle vere fjerna innan slutten av sommaren, ifølge Vågsdal. Kvar dei finst og kor mange dei er, vil dei ikkje dele av tryggleiksomsyn.

Sparebanken Vest Arena

Dette heng på Sparebanken Vest Arena i Nærbø.

BUL-hallen

I BUL-hallen i Alta kjem ein endå tettare på.

Jar Isforum

Dette heng på Jar Isforum.

Consto Arena i Mjøndalen

Hikvision-kamera (h) på Consto Arena i Mjøndalen.

Godøyhallen

Eit anna er installert i Godøyhallen.

Stavanger Idrettshall

Her i Stavanger idrettshall.

Drammenshallen

Her under taket i Drammenshallen.

Vivotek-kamera kopla opp mot Hikvision-system

Kameraa på Ål Kulturhus er produserte av Vivotek, men kopla opp mot Hikvision-utstyr.

Norstrand Arena

Dette er eitt av tre på Nordstrand Arena.

Hønefoss Arena

Og til sist i Hønefoss Arena.

– I mellomtida blei det gjennomført ei teknisk tryggleiksanalyse av løysinga, og det er ikkje avdekka tekniske sårbarheiter, seier han.

– Ingen av dei aktuelle kameraa er knytte til eksterne tenester.

Kameraa er også svært utbreidde på norske bibliotek.

Selskapet Bibliotekssystemer AS har levert Hikvision-kamera til fleire titals kommunar i Noreg, slik at dei kan ha biblioteka sine opne lenger utan tilsette til stades.

No er selskapet i gang med å finne ei løysing som kan erstatte Hikvision si, skriv dei på sine nettsider.

Dette seier styresmaktene

Den norske staten vil ikkje ha kinesisk teknologi til overvaking av sine departementsbygg, og Forsvaret brukar dei heller ikkje på sine anlegg.

Når det gjeld det nye regjeringskvartalet, har likevel ikkje Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet villa utelukke bruk av kamera frå Hikvision eller Dahua.

Det gjeld også offentlege bygg som blir forvalta av Statsbygg.

Dette er gradert informasjon, seier avdelingsdirektør Per-Eigil Schwab i ein e-post til NRK.

Byggingen av C-bygget ved Regjeringskvartalet.

Korkje NSM, DFD eller Justisdepartementet vil kommentere på kva slags overvakingsutstyr dei har i dag.

Foto: NTB

I si årlege risikovurdering åtvarar Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) om at rimeleg kinesisk teknologi, som nettopp videoutstyr, utgjer ein risiko.

Dei meiner at norske verksemder som bestiller inn utstyr må vere medvitne om farane, og verne seg mot dei.

– Kinesisk lovgiving pålegg kinesiske verksemder å utlevere informasjon til kinesisk etterretning, og å rapportere oppdaga sårbarheiter til styresmaktene, heiter det i rapporten.

– Det opnar også opp for at Kina får eksportert teknologi med skjulte bakdører som kan blir utnytta til etterretningsverksemd. Skjulte bakdører er svært krevjande å avdekke.

Justisminister Emilie ENger Mehl i Debatten

Justisminister Emilie Enger Mehl svarte sist på spørsmål om Hikvision-kamera vinteren 2023. Då sa ho at teknologien ikkje var i bruk på dei statlege departementsbygga.

Foto: Lars Os

Meiner risikoen er størst med kinesiske system

Kjetil Stormark er journalist i Politiforum, mangeårig forsvarsjournalist og redaktør av nettavisa Aldrimer.no.

– Risikoen er mykje større med kinesiske system enn med andre land sine system, i alle fall samanlikna med land som står nærare Noreg, seier han til NRK.

Han meiner nemleg at kamera som norske aktørar får frå Hikvision og Dahua kan ha «skyløysingar eller bakdører bygd inn i systemet» som er vanskelege å avdekke sjølv for ekspertane.

Kjetil Stormark, redaktør i Aldrimer.no

Stormark meiner Noreg må setje tydelegare reglar som innskrenkar bruken av tryggingsutstyr levert av statar som Kina.

Foto: Mona Myklebust

– Dess større tryggingsmessig betydning verksemda som bruker kinesisk utstyr har, dess større er risikoeksponeringa ein utset seg sjølv for.

– Flyplassar og andre verksemder av denne typen bør definitivt ikkje bruke tryggingsutstyr frå kinesiske leverandørar.

Ueinig i at kinesiske kamera alltid er utrygge

Torgeir Waterhouse har jobba med problemstillingar knytte til digitale medium i over 20 år, både hos Forbrukarrådet og IKT-Noreg.

Han seier til NRK at ein ikkje kan slå fast at visse produkt er utrygge berre fordi dei kjem frå Kina.

Torgeir Waterhouse

Waterhouse meiner kamera frå andre stader i verda har nett dei same svakheitene for inntrengarar som dei frå Dahua og Hikvision.

– Det er meir ein filosofisk og politisk forskjell enn det er ein teknisk forskjell, seier han om overvakings-produkta på marknaden i dag.

– Når det blir så spesifikt, og gjeld så spesifikke produkt, så må nokon ha gjort ganske grundig arbeid og dokumentasjon for å kunne seie om dette går føre seg.

Denne dokumentasjonen finst ikkje i dag, seier han vidare. Men idrettsklubbar kan heller velje å boikotte alle produkt som kjem frå Kina, eller få tilrådingar frå styresmaktene i Noreg om kva utstyr dei skal bruke.

Utelukkar ikkje framtidig bruk

Då Noregs Idrettsforbund inngjekk ein avtale om å bruke Hikvision-kamera til strøyming av idrettskampar, slik VG rapporterte i fjor, blei det ikkje henta inn eksterne ekspertar for å vurdere bruken.

I staden brukte dei strøymeselskapet MyGame sin informasjon om kameraa då dei konkluderte at bruken var tryggingsmessig forsvarleg, seier forbundet til NRK.

Stamnes Arena (SPIIDEO, IKKJE HIKVISION)

MyGame seier dei hovudsakleg monterer kamera frå den svenske produsenten Spiideo i dag. Her er eitt av dei installert på Stamnes Arena.

Foto: Sandnessjøen Fotball

MyGame meiner på si side at bruken er uproblematisk, sjølv om dei har avslutta sin avtale med Hikvision etter at saka kom ut.

– Hikvision kameraa er dei mest brukte tryggingskameraa i verda. Dei er fullt lovlege i Noreg, blir brukte av både det offentlege og private, og held høg teknisk kvalitet.

– Det er godt mogleg at vi kjem til å nytte oss av denne teknologien igjen i framtida.