Hopp til innhold

Tok til å brenne på ny i rekkehus

FLORØ (NRK): Brannen i eit rekkehus på Torvmyrane i Florø blussa opp igjen.

Stigebil riggast opp for å slokke bustadbrann i Florø.

BUSTADBRANN: Brannvesenet riggar opp stigebil for å sløkkje brannen i dei fire rekkehusa i Florø.

Foto: Sunniva Knutsen / NRK

Vest politidistrikt har hatt ein patrulje på brannstaden gjennom natta, som melder om at brannen blussa opp i den eine bustaden torsdag morgon.

– Det er meldt om ein del røyk i gata ved branntomta. Vi har eit vaktlag frå brannvesenet med fire personar på plass, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Frode Eide.

Politiet opplyser om at det er kontroll på brannen.

– Det blei observert flammar i kjellaren til eitt av husa. Det er god kontroll og ikkje fare for spreiing, operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Brannen er no sløkt.

Sleit med å få kontroll over brannen

Det var onsdag føremiddag at naudetatane rykte ut etter melding om brann på Torvmyrane i Florø.

Brannvesenet sleit med å få kontroll over flammane, opplyste Terje Brandsøy i Alarmsentralen til NRK.

Det blei bedt om forsterkingar frå det lokale brannvesenet i Eikefjorden for å handtere situasjonen.

Brannen spreidde seg fort, og det vart overtenning i alle fire rekkehusleilegheitene. Då byrja eit intenst arbeid for å hindre vidare spreiing.

– Vi fekk evakuert alle som var inne då det byrja å brenne, samt personar i nærliggande hus, seier politiets innsatsleiar Synnøve Domben til NRK.

Totalt skal 14 personar vere evakuert. Det er ikkje meldt om personskadar, og ingen er meldt sakna, opplyser politiet.

Brann på Torvmyrane i Florø

BRANN: Fire rekkehusleilegheiter er overtent på Torvmyrane i Florø.

Foto: Liv Standal / Firdaposten

Har sett inn kriseteam

– Det som er viktig no er å ta hand om dei som er råka av dette. Vi har difor etablert eit kriseteam, seier kommunedirektør i Kinn, Terje Heggheim.

Kommunen vil så snart som råd ordne med eigne leilegheiter til dei som mista heimane sine i brannen.

Heggheim trur også at det er viktig at dei som stod opp i dette får nokon å prate med.

– Det var ei kolossal røykutvikling til tider og det må nok ha vore ei ganske stor påkjenning for dei som stod midt opp i dette. Eg trur det er viktig at dei får nokon å snakke med om kva dei har opplevd.

Brannvesenet har hatt problem med vasstilføringa i dag, og Heggheim seier at dei snarast vil sjå på kva dei kan gjere for å rette opp i dette.

– Det er mange hus i dette område og dersom det er slik at vi kan slite med vasstrykket i slike situasjonar så er vi pliktige til å sjå på det umiddelbart.