Flaumen på Vestlandet i oktober blei brutal for mange i Flåm, Odda, Lærdal og på Voss. Store delar av infrastrukturen på Vestlandet blei skrubba vekk etter storflaumen. Over tusen eigedomar blei skadde og mange har mista heimane sine.
– Når me ser på liknande hendingar av denne typen ser me at skadane kan kosta opp mot ein halv milliard kroner. Det er ein stor sum, seier Tonje Westbye, kommunikasjonssjef i Finans Norge.
Over 400 millionar kroner blir utbetalt i forsikring etter oktoberflaumen.
BAKGRUNN:
Prislappen vil auke
Men av dei 400 millionane som blir utbetalt i forsikring er den summen berre ein liten del av dei totale skadane. I tillegg kjem skadar på veg og jernbane.
– Samfunnskostnadane som er knytt til til dømes infrastruktur og dyrka mark som blei øydelagt etter flaumen er jo store. Så totalen er jo langt meir enn det me faktisk har oversikt over, seier Westbye.
LES OGSÅ:
Meir enn tusen eigedomar skadde
Størst av forsikringsselskapa som har fått meld inn skadar er Gjensidige. Informasjonssjef Arne Voll har fått mange skadar å hanskast med.
– Me har fått flest skademeldingar på Voss. Det skuldast at vatnet gjekk over breiddene sine og mange fekk vatn inn i kjellarane sine.
Elles er nok dei største enkeltskadane for private i Odda, Lærdal og Stord, seier Voll.
– Det blir jo eit reknestykke. Men me snakkar nok over tusen skadar totalt.