Hopp til innhold

Over 50 smitta i salmonella-utbrotet

Utbrotet av Salmonella er no oppe i 58 smitta personar, fortel Mattilsynet i ei oppdatering til NRK.

– Alle har blitt sjuke i løpet av november, med ein smittetopp i midten av månaden, seier seniorrådgjevar Catherine Signe Svindland.

Mattilsynet trur smittekjelda er eit utanlandsk næringsmiddel som er «vanleg, har ganske kort holdbarhet og distribuerast over hele landet».

Mattilsynet og FHI er også i kontakt med svenske styresmakter, som også har fått eit stort utbrot med same bakterietype (Salmonella Agona). I det utbrotet er 26 personar over heile Sverige smitta.

I Noreg er det personar busatt i ti fylker som er registrert i utbrotet. Dei fordeler seg slik: Vestland (14), Viken (16), Vestfold og Telemark (10), Innlandet (3), Trøndelag (2), Troms og Finnmark (3), Møre og Romsdal (2), Oslo (6), Rogaland (1) og Nordland (1).

23 av dei 58 registrerte har vore innlagde på sjukehus, opplyser FHI.