Hopp til innhold

Over 100 skademeldingar etter uvêret og flaumen

Forsikringsselskapet Gjensidige melder at dei har fått 39 skademeldingar etter uvêret, medan If har fått i underkant av 30 skadar. Kva kostnader skadane vil ha, er for tidleg å seia. Frende forsikring melder at dei har fått inn 20 skademeldingar for om lag 5 millionar kroner. Også Tryg melder om 20 skademeldingar.

– Det totale skadeomfanget er mindre enn me frykta, men for mange av dei som er ramma er skadane omfattande, seier Line Marcelius i Gjensidige. Flest skadar har dei registrert i Voss herad. Skademeldingane er på bustader, næringsbygg og køyretøy.