Hopp til innhold

Kjende seg trakassert av ordføraren på nattetid: – Eg gjekk grinande derifrå

Høgre og Arbeidarpartiet i Kinn rauk uklare etter ein episode natt til søndag. No seier Ap-ordføraren unnskyld.

Arlene Vågene

MØTE: Arlene Vågene og Ola Teigen skal møte kvarandre til samtale i ettermiddag.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

– Eg har prata med vedkommande og bedt om unnskyldning, og det kan eg godt gjere igjen. Det er naturleg at eg tek det med vedkommande, og ikkje gjennom media, seier Ap-ordførar Ola Teigen til NRK tysdag føremiddag.

I går vart det kjend at Kinn Høgre trekker seg frå det politiske samarbeidet i kommunen.

Utløysande for brotet skal vere ei hending natt til søndag der gruppeleiar for Høgre, Arlene Vågene, seier ho «vart trakassert» av Teigen.

Mellom anna skal ho ha fått beskjed om å «smile meir» og at ho «berre kunne gløyme» å få ein jobb ho hadde søkt på.

Vågene seier til NRK at ho gjekk grinande frå samtalen.

– Dette er krevjande og tøft. Eg skulle verkeleg ønskje at eg ikkje var her eg er no.

Teigen kjenner seg ikkje igjen i beskrivinga. Han kallar det «engasjerte diskusjonar».

Ola Teigen på formannskapsmøte

– KREVJANDE: Ordførar Ola Teigen (Ap) kallar situasjonen i Kinn kommune for krevjande og uheldig. I dag leiar han formannskapsmøtet i kommunen.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Fleire politikarar ber no Ap og Høgre om å møtast for å skvære opp.

Kravet frå Høgre har vore ei orsaking utan atterhald frå ordføraren.

– Dette handlar om Ola Teigen. Ikkje Arbeidarpartiet, seier Bjørn Hollevik, leiar i Kinn Høgre.

I dag har den politiske leiinga vore samla til formannskapsmøte i kommunen.

– Eg fekk ein e-post med beklaging i dag tidleg. Det var nok til at det er avtalt eit møte for å finne ut av hendinga i helga, seier Vågene.

På møtet skal Ola Teigen ha opna med ei unnskylding utan atterhald for det som skjedde i helga, seier Hollevik i etterkant av møtet.

Meiner folket lir

Redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee, seier kommunen treng ei stødig hand på rattet og føreseieleg styring.

– Det skal takast viktige vegval framover. Dette har kommunen rett og slett ikkje råd til, seier han.

Han meiner innbyggjarane blir hardt råka av samarbeidsvanskane.

– Dette fortener dei ikkje å sitte midt oppi, som eit gissel, seier han.

Gunhild Bjelland har vore politisk aktiv og er ein av innbyggjarane som følgjer spent med på saka.

– Eg synest det er heilt utruleg at ein privat samtale skal føre til politiske omleggingar. Det går ikkje an, rett og slett. Eg er heilt sikker på at veldig mange veljarar er skuffa over dette, seier ho.

Ordføraren kallar situasjonen krevjande.

– Dette er ein vanskeleg situasjon som vi så klart skulle unngått. Det har oppstått ein situasjon der det er vanskeleg å få til eit samarbeid, og det er krevjande.

– Forstår du at innbyggjarane kan reagere på ei slik sak?

– Ja, det forstår eg veldig godt. Det er uheldig, og kan skape politikarforakt.

Kinn Kommune

KINN KOMMUNE: Kinn kommune er delt i to av Bremanger som ligg i midten, og har vore omstridd frå start.

– Framleis grunnlag for samarbeid

Dette er ikkje første gong det politiske samarbeid havarerer i kommunen.

Det har vore ei omstridd kommune frå starten av, og samarbeidet mellom Høgre, Ap og Venstre er berre eitt år gammalt.

Før det styrte Ap saman med Senterpartiet. SV og MDG kommunen, men for omtrent eitt år sidan rakna firkløveret. Då var det i staden partia som var mest positive til Kinn kommune som inngjekk samarbeid.

Jacob Nødseth, gruppeleiar i Kinn Venstre, fortel at det ikkje har vore utan utfordringar.

– Eg har sjølv vore med å vedta budsjett og forhandle om vanskelege saker. Det har vore ei interessant øving, utan at eg skal gå i detalj på kva som skjer i lukka rom, seier han.

Nødseth håpar det no er mogleg å setje seg ned og prate saman.

– Eg opplever at det framleis er grunnlag for å få til eit samarbeid, seier han.

Jacob Nødseth

HAR TRUA: Jacob Nødseth, gruppeleiar i Kinn Venstre, seier til NRK at han har tru på eit vidare samarbeid mellom Venstre, Høgre og Ap.

Foto: Jon Bolstad / NRK