– Det er ein situasjon som utviklar seg, vi får stadig fleire smitta. Det er kjende smittevegar og kanskje ikkje uventa, men vi anar ikkje omfanget av kor mange som har fått smitten, seier ordførar Hans Petter Thorbjørnsen (Ap).
Kommunen i Hardanger må no setje alle borna i barnehagen i karantene, saman med sju av 10 klasser ved Brakanes skule. Det blir digital heimeundervisning i kommunen komande veke.
Frå å nesten leve som normalt må dei 1080 innbyggarane i Ulvik omstille seg. Smittevernoverlegen har i forskrift bestemt at det skal vere påbod med munnbind til dømes på butikkar, og andre innandørs offentlege stadar. Restriksjonane gjeld fram til og med 7. februar, i fyrste omgang.
Alt av innandørs arrangement blir avlyst, med unnatak av gravferder med maksimalt 50 personar i kyrkja, opplyser kommunen.
I dag vart det påvist tre nye tilfeller, ni er påvist smitta sidan torsdag. Kommunen er spent på dei neste dagane.
– Vi skal teste mellom 150 til 200 personar som er rekna som nærkontaktar. Vi vil vere føre var for å finne ut om det kjem fleire smittetilfelle. Vi vil ha kontroll og hindre at det smittar meir, seier Thorbjørnsen.
Usikre på korleis smitta kom til bygda
Thorbjørnsen seier smitten kom til bygda som eit tilfelle av importsmitte. Mysteriet er at vedkomande hadde gjort alt rett, og gått i karantene. Fyrst når karantenetida var over fekk den fyrste smitta symptom.
Thorbjørnsen trur folk er svært motiverte for å bli kvitt smittespreiinga i Ulvik.
– Heile verda er godt lei av koronaviruset, men dette må vi gjennomføre og det trur eg innbyggarane er klare til å gjere.
Thorbjørnsen ser ikkje vekk frå at i samfunn med lite smitte har ein slappa av litt for mykje.
– Eg trur ikkje det er unikt for UIvik sin del.
ULVIK: Ulvik Herad har 1080 innbyggarar i fylgje SSB.
Foto: Steinar I. BergoSmitten går på kryss og tvers
Thorbjørnsen seier det så langt ikkje er påvist smitte i barnehagen eller på skulen der elevar no må i karantene, men at dei ikkje veit heilt kor smitten kan vere. Alle borna som er sett i karantene må teste seg måndag.
– Det er eit veldig lite samfunn, smitten går på kryss og tvers. Mange i lokalsamfunnet har ulike oppgåver og funksjonar, noko som gjer at smittebiletet kanskje er meir uoversiktleg.
Thorbjørnsen seier dei ventar på svar på om det er den muterte varianten av koronaviruset i kommunen.
– Den fyrste tanken vår var at det ikkje er det, men det kan vi sjølvsagt ikkje vite sikkert.