Det lovar styreleiar i Kinn Kyrkjeleg Fellesråd, Dagny Øien. Ho kan ikkje svare på kvifor det ikkje har vore søkt om midlar før.
Fellesrådet må ta initiativet
Kyrkja på Kinn har lenge stått til forfall. Den spesielle middelalderkyrkja som vart bygd kring år 1100 inneheld sjeldne kunstskattar frå 1600-talet. Men taket lek, treverket rotnar og heile bygget er kort sagt i sørgjeleg stand. Riksantikvaren seier at det er Kinn Kyrkjeleg Fellesråd som må ta initiativet til å få pengar til opprustning. Riksantikvaren har venta på ein søknad i årevis, men ingenting har kome frå Fellesrådet.
Overraska
Og styreleiaren i Fellesrådet er overraska. Ho trudde søknaden var sendt for lenge sidan. Øien rekna med det var dagleg leiar som hadde ansvaret for slike søknader. Men no blir i alle høve ein søknad sendt til Riksantikvaren snarast mogleg, seier ho.
Dagleg leiar i Kinn Kyrkjeleg Fellesråd, Kurt Rylandsholm, vil ikkje uttale seg til NRK.