Hopp til innhold

Opprettar undersøkingssak

Politiet har oppretta undersøkingssak etter at ein mann i 30-åra vart funnen omkomen på Dale i Vaksdal i dag tidleg. Mannen vart funnen av tilfeldig forbipasserande. Politiet vurderar førebels ikkje dødsfallet som mistenkeleg. Dei skal avhøyre vitne for å kartlegge mannen sine bevegelsar det siste døgnet. Tips kan meldast til politiet på 02800.