Mann funnen død på Dale
Politiet vart i dag tidleg varsla om funn av ein død person i Dale sentrum, skriv BA. Mannen i 30-åra vart funnen i ein skråning, i nærleiken av ein mur. Dei pårørande er varsla. Politiet seier til NRK at det så langt ikkje er gjort funn som tyder på at mannen er utsett for noko straffbart.