Styret trekte seg i sinne etter at sognekvinna, Iril Schau Johansen, ikkje fekk jobben som ny hamnedirektør i Nordfjord. Ho er siviløkonom, språkutdanna, er befal frå hæren og har fem års fartstid frå Hurtigruta. Hamnerådet – representert ved kommunane Stryn, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje – tilsette i staden tidlegare hamnekaptein Håkon Olsen frå Vågsøy.
Rolleavklaring
Den sjukmelde ordføraren i Vågsøy, Roger B. Silden, er leiar i hamnerådet. Trass sjukdom har han kalla dei ilske partane saman til oppklaringsmøte måndag. Før møtet vil han ikkje la seg intervjue om konflikten, men ifølgje han er det trong for oppklaring kring rollene styret og rådet har i tilsettingssaker. Silden meiner det ikkje er tvil om at det er hamnerådet som skal tilsette ny direktør.
Nøgd med styret
Ifølgje Silden har kommunane i Nordfjord hamn vore godt nøgde med styret sin innsats, men han vil likevel ikkje overtale styret til å halde fram. Måndag blir det opp til kvar enkelt styremedlem, seier Roger B. Silden.