Hopp til innhold

Fann ukjend julenovelle av Jon Fosse

Sjølv dei beste Jon Fosse-ekspertane i landet visste ikkje om den gløymde og svært spesielle novella til den ferske nobelprisvinnaren.

Jon Fosse på Frekhaug kai

VANN NOBELPRISEN: Jon Fosse fotografert på Frekhaug kai same dag som det blei kjend at han blei tildelt Nobelprisen i litteratur.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Ein naturvernar møtte Jon Fosse på eit teorikurs for bilførarkort ein gong på 80-talet.

Resultatet blei den ukjende novella om ein gut som går med julemat til ein einstøing som han er redd for.

Juleforteljinga "Sauahols-Bård'en" av Jon Fosse. Faksimile av medlemsbladet Natur Vest, 1986

Den gløymde novella av den då ganske ukjende forfattaren er ifølge biletteksten i Natur Vest skriven av Jan Fosse.

Ukjend for ekspertane

Fem av dei i Noreg som kjenner forfattarskapen til Jon Fosse best, får eit enkelt spørsmål:

– Kva synest du om «Sauahols-Bård'en»?

Her er svara:

  • – Kva er det for noko? seier Knut Hoem, litteraturmeldar i NRK.
  • – Den er ukjend for meg, seier litteraturkritikar Tom Egil Hverven.
  • – Sauahols...? seier Kirsti Mathilde Thorheim, som i to år jobba med planane om eit Fosse-arkiv og -senter.
  • – Hmm. Den må eg vedgå at eg ikkje kjem på, seier Jan H. Landro, som har skrive ein Fosse-biografi.

Me prøver forlagsredaktør Cecilie N. Seiness i Samlaget, som har gitt ut alle bøkene til Jon Fosse.

Og ho har skrive både hovudoppgåve og biografi om karen.

– Kva eg synest om kva...? Av Jon Fosse? Kor har den stått på trykk?

Jon Fosse

Ein stolt Fosse tok i mot Nobelprisen frå kong Carl Gustav.

Foto: Silje Robertsen

Førarprøva

Svaret finn me på Landås i Bergen. For då Fosse vart tildelt Nobelprisen i litteratur denne hausten, ringde det ei lita bjølle i hovudet til Anders Goksøyr.

– Eg gjekk på teorikurset til førarprøva i 1986. Der var det jo mange 18-åringar,
men så var me to–tre stykke som var om lag ti år eldre enn dei andre. Me kom i snakk. Den eine av dei var Jon Fosse.

På den tida sat Goksøyr i redaksjon til Natur Vest – medlemsbladet til Naturvernforbundet i Hordaland.

– Me heldt på med julenummeret, og me kom på at eg kunne spørja om han ville skriva ei lita julehistorie. Og det var Jon med på. Så han skreiv «Sauahols-Bård'en», som me fekk lov til å trykka i bladet.

Anders Goksøyr

Anders Goksøyr gjorde eit lite kupp då han i 1986 fekk Jon Fosse til å skriva juleforteljing i medlemsbladet til naturvernforbundet.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Eg står framfor døra til Sauahols-Bård'en. Eg bankar på døra. Eg høyrer berre dette store mørkret. Eg er litt redd. Det er mørkt...

Frå «Sauahols-Bård'en»

Seinare oppdaga Goksøyr at forfattaren var blitt kalla «Jan Fosse» i biletteksten.

– Eg trur ikkje Jon oppdaga det.

(Du kan lesa heile novella nedst i artikkelen.)

Julehistorie-klisjé?

Eg-personen i forteljinga har fått med seg ein plastpose med julebakst og julehefte, og ei gryte med pinnekjøtt og kålrotstappe, som bestemora vil at han skal gi til einstøingen Sauahols-Bård'en. Ein mann som folk i bygda synest er ganske skummel.

– Det er jo eit veldig kjent motiv, dette her med at ein blir send ut som eit slags bod med noko til nokon som ikkje har det så greitt i bygda. Så akkurat motivet der er jo veldig innanfor julehistorie-sjangeren, analyserer litteraturkritikar Knut Hoem.

Knut Hoem

Knut Hoem seier Fosse skriv djupt urovekkande, også i juleforteljinga frå 1986.

Foto: Robert Rønning / NRK

Kirsti Mathilde Thorheim liker det ho får høyra av novella.

– Ja, det store mørket er med. Og plastposen er med. Så det er noko kjent med dette, då.

Forfattar Fosse blandar inn seg sjølv i den vesle teksten:

Eg går oppover vegen, i denne juleforteljinga, som eg no sit og skriv, og som skal bli svært kort, og utan det ein ventar seg av ei forteljing, og det berre på tull.

Frå «Sauahols-Bård'en»

– Eg får kanskje kjensla av at Fosse her skriv ei juleforteljing utan å ha så lyst til å skriva ei juleforteljing, seier Cecilie N. Seiness.

– Han gjorde det kanskje berre for pengane?

– Ja, det kan godt hende. Han er jo ein ny forfattar på denne tida. Han må skriva for å leva, rett og slett.

Cecilie N. Seiness, redaktøren til Jon Fosse

Cecilie N. Seiness er redaktøren til Fosse, men hadde aldri høyrd om «Sauahols-Bård'en».

Foto: Thomas Alvarstein Owe / NRK

Men redaktør Goksøyr avkreftar at dei betalte honorar.

Fosse vart derimot godt betalt i haust.

Å få Nobelprisen betyr 11 millionar svenske kroner i prispengar.

Eg bankar på døra. Ingen svarar. Eg er litt redd. Eg kan sjå berre dette mørkret.

Det snøar. Våt snø. Eg bankar på døra.

Mørker. Våt snø.

Frå «Sauahols-Bård'en»

– Det er ein tidleg, men ein umiskjenneleg Fosse i denne teksten. Her er det både angst og mørker og redsle og bygdeliv og klassiske repetisjonar. Og rytmen som ligg i teksten, seier Seiness.

Tom Egil Hverven

Typisk Fosse, seier Tom Egil Hverven når han blir vist den gløymde juleforteljinga.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

– Eg vil springe

Så kjem det eit avsnitt som er ganske heftig til å vera ei juleforteljing i Naturvernforbundet i Hordaland sitt medlemsblad:

Eg høyrer han trampe, og han kjem, opnar døra, fort, og så krøkjer han fingrane rundt meg, og han seier at han likar slike smågutar, beste julematen han veit om er slike gutalarvar. Eg bankar på døra. Eg bankar.

Frå «Sauahols-Bård'en»

– Slikt finst det jo fleire eksempel på hos Fosse, at ein ikkje heilt kan vita på kva side av grensa til innbilling, hallusinasjon eller draum at teksten er, seier Hverven.

Landro får ein assosiasjon til den største romanen til Fosse.

– Dette er interessant! I storverket hans «Septologien» er det ei historie om ein lastebilsjåfør som gir hovudpersonen, ein gut, pengar for at han skal sitja på med han, slik at han kan knipa litt på han og klina med han.

Jan H. Landro

Biograf Jan H. Landro lar seg begeistra av fleire ting i den vesle, ukjende Fosse-teksten.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

I tillegg blir teksten no ganske eksperimentell, då Sauahols-Bård'en omsider opnar døra.

Eg vil springe. Eg bankar, og døra forsvinn. Eg bankar
Ja god kveld ja, seier han.
i lause lufta, og eg
Skal skru på utelyset eg, seier han.
ser ned. Sauahol'en står i døropninga.

Frå «Sauahols-Bård'en»

Eg-personen blir altså «avbroten» midt i setninga av at einstøingen snakkar til han. No lar Fosse-ekspertane seg riva med.

  • – Dette minner om «Blod. Steinen er», den desidert vanskelegaste og minst lesne romanen til Jon Fosse, seier Landro begeistra.
  • – Eg synest det var noko veldig fint, dette med døra som forsvinn «i lause lufta». Der er det eit brot med realismen, og det gjer han jo ofte i seinare tekstar, seier Thorheim.
  • – Då er me jo inne i det ikkje-realistiske. Fosse er ein forfattar som bevegar seg mellom det jordiske, det himmelske og det djupt urovekkande, seier Hoem.
  • – Han leikar med fiksjonen, om det faktisk er nokon der eller ikkje. Typisk Fosse, seier Hverven.
  • – Ei juleforteljing på fossesk vis, seier Seiness.

.

Kirsti Mathilde Thorheim

– Eg synest det var noko veldig fint her, seier Kirsti Mathilde Thorheim om novella.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Punktum

Det er i alle fall ikkje ei opplagd novelle i eit naturvernblad, dette her. Og historia har aldri blitt gitt ut i bokform.

– Men du, no er eg veldig spent på korleis det endar, seier Hoem.

Og det har han grunn til.

For korleis avsluttar Fosse ei juleforteljing som skulle bli svært kort og «berre på tull»?

Slik:

Eg må springe. Eg bankar igjen på døra til Sauahols-Bård'en, og eg merkar at eg no har fått god lyst til å halde fram med denne forteljinga, men det får så vere, er vel berre slik. Eg avsluttar med å skrive denne setningen.

Frå «Sauahols-Bård'en»


– Hm. Og så er det punktum? undrar Landro.

Ja, faktisk. Seinare har Fosse nesten slutta å setta punktum i romanane sine. Men her var det punktum og slutt.

– Jammen santen. Forfattarskapen hans rommar meir enn det ein trur, seier Hoem.

Jon Fosse utanfor æresboligen Grotten

Dette er Jon Fosse utanfor døra til æresbustaden Grotten, men kanskje også guten som måtte banka på hos einstøingen «Sauahols-Bård'en»?

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Kva seier Fosse sjølv?

Me har sjølvsagt kontakta nobelprisvinnaren, men han gjentar – ja, Fosse gjentar jo gjerne ting – det han allereie har sagt tydeleg til heile verda etter prisutdelinga.

Han skriv høfleg tilbake:

«Gode deg. No takkar eg nei til alle intervju, og det for svært lang tid framover.»

Anders Goksøyr opplyser forresten at både han og Jon Fosse bestod teoriprøven.

Faksimile av Natur Vest, 4-1986
Foto: Natur Vest

NRK rettar: Klokka 18.01 blei nokre skildringar i denne saka endra, fordi dei kunne bli misoppfatta.