Hopp til innhold

Opnar Førde kyrkje for dei som vil minnast Thea (19)

Det vil bli arrangert ei minnestund for den omkomne Thea Øvrebotten i Førde kyrkje klokka 17.

Bergingsarbeid

STILLE STUND: Førde kyrkje vert opna klokka 17 onsdag, for dei som ønskjer å samlast i ei stille stund for å minne sjåføren som omkom i ulykka tysdag.

Foto: Robert Jan Leerink

– Det er ganske mange unge som er sterkt berørte av ulykka. I samråd med familien opnar vi kyrkja, slik at dei som ønskjer, kan få komme for å ha ei stille stund, seier prostiprest i Førde, Stein Oltedal.

19 år gamle Thea Øvrebotten frå Førde som omkom då lastebilen ho køyrde, hamna i Sognefjorden etter å ha køyrt utfor fylkesveg 55 mellom Høyanger og Nessane.

Held kontakt med familie og arbeidsplass

Ulykka vart meld like før klokka 12, og i 15-tida vart det konstatert at ein person hadde omkomme i ulykka.

– Vi har vore i kontakt med familie og arbeidsplass, og vi sonderer der kven som har behov for kriseteam, og vi held dialogen med dei framover, seier kommunalsjef og leiar for kriseteamet i Førde, Kurt Even Andersen.

Kriseteamet i Førde vart etablert kort tid etter at det vart kjent at det var snakk om ei dødsulykke.

– Dette er standard prosedyre når denne typen ulykker skjer, seier Andersen.

Må vere der for dei som treng det

Han legg til at det er viktig å støtte opp både om familie og nære vener, men også arbeidskollegaer av den omkomne.

Sjølv om Førde er ein større stad, understrekar Andersen at den tragiske hendinga pregar mange.

– Slike ulykker set preg på folk. Når det skjer så brått og på ein slik måte, så rører det alle i Førde. Sjølv om ikkje alle kjenner personen, så kjenner dei fleste nokon som kjende vedkommande. Slik vert både arbeidsplassar, skular og nærområde sterkt prega av dette, seier Andersen.

Familien har gitt uttrykk for at dei ønskte opa kyrkje der dei som ønskjer, kan samlast til ei minnestund.

– Kriseteamet i kommunen vert med på minnestunda som vert i Førde kyrkje klokka 17, seier Andersen.

Ta kontakt dersom du treng hjelp

Her kan dei som ønskjer ei stille stund for å sørgje og å minnast, komme.

Den omkomne kvinna var sjåførlærling i eit transportfirma i Førde, og køyrde si faste rute mellom Høyanger og Kaupanger då ulykka skjedde, ifølgje Bergens Tidende.

Kvinna hadde vore i firmaet sidan februar i fjor.

– Det blir nok også ei minnestund på skulen ho gjekk på, når skulane tek til att etter haustferien, seier Andersen.

Han understrekar at dersom nokon føler dei treng oppfølging etter ulykka, er det råd å kontakte Førde kommune.

– Ta kontakt via sentralbordet og spør etter nokon i kriseteamet, seier Andersen.

Også Førde-rådmann Ole-John Østenstad seier dødsfallet pregar mange.

– Det er forferdeleg trist, og det er noko som pregar mange, seier Østenstad.