Hopp til innhold

Han oppdaga lastebilen i fjorden

Då Terje Sæle såg at fleire meter med autovern låg flatt stogga han resolutt bilen. Nedanfor fylkesveg 55 like ved Nessane i Balestrand oppdaga han ein lastebil under vatn.

Terje Sæle

OPPDAGA: Terje Sæle kom som førstemann til ulukkesstaden i Balestrand.

Foto: Fotomontasje: Eli Eikenæs Vengen/Arne Stubhaug / NRK

– Eg var på veg frå Høyanger til Kaupanger, og då eg kom køyrande her såg eg at det var mykje autovern som låg nede, seier han til NRK.no.

– Det slo meg at med så mykje autovern måtte det vere noko som hadde skjedd. Eg stogga bilen, hoppa ut og då såg eg bilen i fjorden. Så ringde eg 113.

Den røynde lastebilsjåføren ringde inn meldinga om ulukka klokka 11.50, og naudetatane slo full alarm. Lastebilen låg heilt under vatn eit stykke frå land, og det var lite Sæle kunne gjere.

Ein person vart klokka 15 stadfesta omkomen etter ulukka.

(Artikkelen held fram under videoen)

Politiet fryktar at det kan vere personar ombord i lastebilen som tysdag hamna i fjorden ved Kvist i Balestrand.

SØKJER: Det går føre seg søk etter personar som kan ha følgt lastebilen i fjorden.

Trur det er folk i bilen

Brannvesen, ambulanse og politi rykte raskt ut til staden. I tillegg vart luftambulanse og eit Sea King-helikopter sende til staden med dykkarar.

Bilen ligg på djupt vatn, og redningsmannskapa har måtte sikre bilen for at arbeidet skal vere trygt. Dei fryktar bilen skal søkke djupare i vatnet.

– Vi jobbar med sikring av bilen for å få den til å ligge roleg. Vi veit ikkje enno om det er folk i bilen, men det er grunn til å tru at det var folk i bilen, seier innsatsleiar Geir Harkjerr i politiet til NRK.no like over klokka 13.

– Vi jobba så fort vi kan med å lokalisere den eller dei som var i bilen, seier han vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ei 19 år gamal kvinne omkom etter ei utforkøyring ved Nessane

PÅ DJUPT VATN: Det skal vere djupt i området der bilen vart liggande på nedsida av fylkesveg 55 like ved Nessane.

Foto: Lars Jonas Pedersen / NRK

Har hjelpt til med det han kan

Sæle legg ikkje skjul på at han er prega av hendinga. Etter at brannvesen, ambulanse og politi kom til staden har han gjort det han kan for å bidra i redningsarbeidet.

Ein kranbil er kome til staden, og Sæle har nytta sin bil for å sikre den. Ved hjelp av krana prøver ein no å sikre lastebilen som ligg i fjorden.

– Det er tøft, men ein må gjere ein innsats der ein kan bidra, seier Sæle.

– Dykkarar i fjorden

Klokka 14 opplyser politiet at Sea King-helikopteret har kome til staden og at dykkarar søkjer i fjorden. Det er framleis ikkje gjort funn.

– Vi har nettopp fått redningsdykkarar i sjøen, seier innsatsleiar Geir Harkjerr i politiet til NRK.no klokka 14.10.

Fram til no har dei arbeid for fullt med å sikre lastebilen.

– Dette må gjerast for at det skal vere forsvarleg å ta seg inn og gjennomsøke bilen, seier politimannen.

Kjenner ikkje årsaka

Det er no to timar sidan politiet fekk melding om ulukka. Etter kvart har bilen blitt meir om meir dekt av vatn, og redningsmannskapa har frykta at bilen har søkke i vatnet.

– Men det ser ut til at det er på grunn av floa, seier Harkjerr.

Politiet har framleis ikkje fått svar på spørsmålet om det var folk i bilen, eventuelt kor mange. Harkjerr seier dei har grunn til å tru at det var folk i bilen, men at dette er umogleg å stadfeste før dei har fått undersøkt køyretøyet.

Det er for tidleg for politiet å seie noko om årsaka til ulukka. Ulukka har skjedd like ved Nessane, på ei strekning der vegen er bein. Hendinga blir etterforska.