Hopp til innhold

Opnar for likevel å stille på topp

Askvoll-ordførar Frida Melvær opnar for å stille på topp på Høgre si stortingsvalliste for Sogn og Fjordane neste haust. Alle lokallaga i Sogn og Fjordane Høgre har levert forslag. Der har Melvær og noverande stortingsrepresentant Bjørn Lødemel sigla opp som nesten likestilte førstekandidatar. Melvær sa i helga at ho ikkje vil stille mot Lødemel, men restriksjonen ho har lagt på seg sjølv har ho no valt å gå vekk frå. NRK kjem attende med meir.