Hopp til innhold

Mange vil ha ho, men ho vil ikkje

Alle lokallaga i Sogn og Fjordane Høgre har levert forslag til stortingsliste til valet neste haust. Frida Melvær og Bjørn Lødemel siglar opp som nesten likestilte favorittkandidatar, men Melvær har ikkje lyst til å stille mot Lødemel.

Frida Melvær på talarstolen

HAR LYST PÅ STORTINGET: Frida Melvær har veldig lyst på Stortinget, men ho vil ikkje stille mot sitjande stortingsrepresentant Bjørn Lødemel

Foto: Mattias Bergset / NRK

– Eg har berre gode ting å seie om Bjørn Lødemel. Han har vore ein god stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, og eg har i utgangspunktet ikkje lyst til å stille mot han.

Lokallaga i Høgre har laga forslag til korleis dei vil at stortingslista skal sjå ut, og i går gjekk fristen ut for å levere dei inn. No skal nominasjonsnemnda vurdere forslaga og kome med sitt forslag, og til sist er det nominasjonsmøtet som skal velje ei liste.

Så langt NRK har oversikt har 10 lokallag nominert Bjørn Lødemel på fyrsteplassen, 8 har nominert Frida Melvær, 2 har Bjørn Hollevik og 2 har Sven Flo. Då står det framleis att 4 kommunar der vi ikkje kjenner resultatet.

Trur ho kan utrette mykje

Ordførar i Askvoll Frida Melvær siglar altså fram like bak Lødemel, men vil ikkje stille mot han. Sjølv om ho har veldig lyst på Stortinget.

– Politikk er nesten heile livet mitt, og eg har veldig mykje eg har lyst til å utrette på Stortinget. Samfunnet går inn i ei spennande tid, og eg trur Sogn og Fjordane kan få ei nøkkelrolle innan til dømes havbruk og teknologi om vi spelar korta våre riktig.

Melvær trur ho har dei egenskapane som trengst for å kunne utrette noko på Stortinget, og stiller som førstekandidat mott alle andre enn Bjørn Lødemel. Ho innrømmer likevel at ho er glad for den støtta ho no for av mange lokallag.

– Eg tenkjer litt på dette kvar dag, så vi får berre sjå kva nominasjonsnemnda og nominasjonsmøtet gjer.

Bjørn Lødemel

SITJANDE: Bjørn Lødemel frå Hornindal er inne i sin andre stortingsperiode frå Sogn og Fjordane

Foto: Trond Vestre / NRK

Skal bruke helga

Bjørn Lødemel har gjerne lyst til å halde fram som stortingsrepresentant, men han vil bruke helga på å setje seg inn i innspela til lokallaga før han tek endeleg stilling.

– Eg har ikkje heilt oversikt endå, så no skal eg sjå igjennom dei ulike forslaga til lokallaga, og så skal eg ta ei vurdering på kva eg gjer i løpet av helga, seier Lødemel.