Hopp til innhold

Ikkje bompengar på fv. 60

Politikarane i Stryn vil ikkje ruste opp Olden- Innvik med bompengar.

Olden - Innvik

Riksveg 60 Olden - Innvik er i svært dårleg stand. Men forslaget om å finansiere ei opprustning med bompengar er forkasta av politikarane i Stryn.

Foto: Magnar Myklebust

Kommunestyret i Stryn sa eit endeleg nei til bompengefinansiering av Fylkesveg 60. Saka vart avgjort i kommunestyremøtet i ettermiddag.

Vegstrekninga Olden-Innvik blir kalla Norges verste veg, og skal renoverast for nærare 400 millionar kroner.

Vegnemnda Olden-Innvik meiner vegen er fullfinansiert ut 2019 dersom fylkespolitikarane står ved vedtaka dei gjorde ifjor.