Opnar årets Lerum-Cup med ordførarduell

Over 800 skyttarar frå heile landet samlast denne veka på Leikanger, både for å konkurrere om heider og ære, men og for å lade opp til Landsskyttarstemne seinare i år.

Lerum cup
Foto: Fotograf Christian Blom AS

– No gler vi oss til at det verkeleg skal brake laus denne veka, seier Olav Skarsbø, som er leiar i Leikanger Skyttarlag.

Lerum-Cup er det største skyttararrangementet nest etter Landsskyttarstemnet. Berre utføringa krev 100 mann kvar dag i ei heil veke. I tillegg kjem planlegging og dugnad på dei ulike banene i framkant. Totalt er det snakk om mellom 1600–1800 dugnadstimar.

– Vi vil jo gjerne vise fram det best vi har. I forkant av arrangementet så brukar vi mykje tid for at anlegga våre skal vere heilt tipp topp, seier Skarsbø

Frivillige har lagt ned nærare 1800 dugnadstimar i forkant av årets lerum Cup

Ordførarduell

Til helga kjem dei aller største stjernene, men allereie onsdag starta konkurranseskytinga, og då med ein duell mellom ordførarane i Sogn.

– Eg merkar at pulsen slår litt fortare no, ja, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim, når NRK snakkar med han før skytinga.

Solheim er tittelforsvarar frå oppgjeret i 2015, og kjenner på sommarfuglane i magen.

– Det er no for moro dette, men eg vedgår gladleg att det er moro og vinne også.

For på standplass møter han blant anna ein revansjelysten sogndalsordførar. Jarle Aarvoll trekte det kortaste strået sist dei to møttest til dyst.

– Solheim er kjekk no, men får vi høve neste år så skal Solheim få det triveleg, sa Aarvoll til NRK etter skytinga i 2015.

– Det gjekk bra for min del, eg klarte å slå han i år og, seier stornøgd Solheim etter at skytinga var over.

Når NRK snakkar med han, er han saman med ordførarkollegaene i Sogn, på veg inn på folkemøte i Sogndal om kommunesamanslåing. Så spørst det kven av dei som treff blink hjå dei frammøtte der.

Møter dei beste

For mange av dei som kjem til Leikanger denne veka, er Lerum-Cup starten på årets banesesong, og ei viktig oppkøyring til Landsskyttarstemnet seinare i sommar..

– Dei har lyst å måle seg med dei beste, og då kjem dei til Sogn og Lerum-Cup. Her får dei svar på kvar dei står etter ein treningsvinter og vår, seier Skarsbø.