Det var torsdag 19. mai at ein lastebil tok fyr inne i Måbøtunnelen på rv7.
Lastebilen blei fullstendig utbrent, og det blei store skadar på kablar og sikringsplater inne i tunnelen, og mykje laust og oppsprokke fjell på grunn av den enorme varmen frå brannen
- Les meir:
Tunnelen vart stengt for all trafikk, før den vart opna for kolonnekøyring tre dagar etterpå.
– Me fann ut at det var forsvarleg å opna vegen for trafikk att då, seier seksjonssjef Lars Øyre i Statens vegvesen.
– Burde ikkje vore open
Det var geologane i Statens vegvesen ueinige i. Dei var på staden dei to første dagane etter ulukka og vurderte skadane og risikoen for at små og store steinblokker skulle detta ned.
I den første rapporten etter synfaringa står det:
«Før det kan vurderast å opna vegen for trafikk må reinsearbeidet og sikringsarbeidet med å fjerna skadde PE-plater og boltesikring vera utført».
Geolog Mari Åmello Brøto stadfestar til NRK at dei etter synfaringa konkludere med at vegen ikkje burde opna for trafikk, men vil ikkje kommentera avgjerda til Vegvesenet om å opna for kolonnekøyring.
– Me har brukt røynde fjellfolk
Seksjonssjef Lars Øyre meiner det ikkje er nødvendig å følga geologanes råd.
– Me har bukt våre røynde fjellfolk til å vurdera dette. Me har kome fram til at det har vore trygt nok til å sleppa folk gjennom, seier Øyre.
Onsdag førre veke var det ei ny synfaring. Geologane konkluderte då med at det var store skadar på berget, og anbefalte stenging av tunnelen:
«Byggeleiinga opna tunnelen for trafikk søndag. Det anbefalast å stenga tunnelen for trafikk inntil nemnde sikringstiltak og ny inspeksjon med vurdering av ytterlegare behov for tiltak er utført».
- Les også:
Var unnateke offentlegheita
Han held fast på at dei ikkje overprøver geologane sine vurderingar.
– Dei kjem med ei tilråding til oss, men me må sjølvstendig ta våre vurderingar på eige ansvar. Me har heller ikkje kjennskap til at det har falle ned noko medan me har halde på der inne, så slik kan det sjå ut til at det var ei riktig vurdering.
Vegvesenet stempla først geolograpportane som unnateke offentlegheita, men ifølge Øyre var det ein feil.
– Det kjenner eg ikkje til, då eg ikkje har journalført dei. Eg ser ingen grunn til at rapportane ikkje skal vera offentlege. La dei komma ut til alle, og la dei få lesa dei, seier Øyre.