Hopp til innhold

Tvillingbrørne lurte Apple sin ansiktsgjenkjenning

Dei einegga tvillingane John Helge og Geir Inge klarte lett å lure iPhone sin teknologi for ansiktsgjenkjenning.

John Helge Lunde opna telefonen til tvillingbroren Geir Inge Lunde

LÅST OPP: Face ID klarte ikkje å skilje mellom John Helge Lunde og tvillingbroren Geir Inge Lunde.

Påskemiddagen nærmar seg slutten på hytta på Tyin. Vinen er kommen på bordet og stemninga er god. Kona ber John Helge Lunde plukke opp telefonen til tvillingbroren.

– Sjå om du klarar å opne den, seier ho.

– Det kjem ikkje til å gå, seier han, men plukkar opp telefonen. Han løfter opp telefonen, den nyaste modellen frå Apple, ein iPhone X. Telefonen har ansiktsgjenkjenning som kan brukast i staden for kode eller fingeravtrykk.

Lunde ser mot sensoren på telefonen. Den er framleis låst.

– Du gjer deg til! Prøv ein gong til, seier kona.

Lunde plukkar opp telefonen igjen. Den opnar seg.

Sikkert nok for folk flest

– Eg vart overraska. Slikt bør ikkje skje, seier Lunde. Han og broren Geir Inge Lunde er einegga tvillingar. Sjølv meiner han at dei ikkje er like nok til å skulle kunne lure ansiktsgjenkjenning.

Apples pressekontakt i Noreg, Andreas Rødland, viser til deira dokumentasjon om teknologien. Den opplyser om at med Face ID, som teknologien heiter, er det berre ein milliontedels sjanse for at telefonen kan bli opna av ein tilfeldig person. Når det gjeld tvillingar og søsken er sjansen større.

Advarer mot datahackere

IKKJE STORT: Vidar Svandland, seniorrådgivar i Norsk senter for informasjonssikring, seier angrep på telefonar ikkje er eit stort problem.

Foto: Juliane Kravik / NRK

Vidar Sandland, seniorrådgivar i Norsk senter for informasjonssikring, seier at ansiktsgjenkjenning er sikkert nok for folk flest.

– Alternativet er å bruke ein pinkode som er mindre sikker enn ansiktsgodkjenning, seier rådgjevaren.

Telefonar er vanskelege å hacke

Som mange andre brukar Lunde telefonen både privat og til jobb.

– Eg har kopla alt på jobb opp mot telefonen. Når du først kjem inn so har du bra tilgang, seier Lunde.

Sandland seier at smarttelefonane i utgangspunktet er veldig sikre. Han kjenner til få måtar å komme seg inn utan noko form for identifisering.

– Det er veldig vanskeleg å hacke seg inn på ein telefon. Androidtelefonar er noko meir utsett då du kan laste ned ukjent programvare, seier Sandland. For å sikre seg mot eit slikt angrep er det viktig å vere forsiktig med kva du lastar ned.

– Er du bekymra for at telefonen er infisert eller overvaka kan du resetje den til fabrikkinnstillingane so vil slike program bli fjerna.

Grunnreglar

Skjermdump frå facebook av John Helge Lunde sitt innlegg

INNLEGG: Etter hendinga la John Helge Lunde ut eit innlegg på Facebook.

Foto: PRIVAT

For å halde informasjonen din sikker har Sandland to anbefalingar:

  • Bruk pinkode, fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning

– Kjem mobiltelefonen på avvege, er det då ikkje rett fram for andre å komme seg inn på den.

  • Bruk totrinnsverifisering på alle kontoar

– Om nokon får tak i brukarnamnet og passordet ditt må dei og ha telefonen din for å logge seg inn.