Hopp til innhold

Opna for fri ferdsel

Det er no opna for fri ferdsel på fylkesveg 55 ved Esebotn mellom Balestrand og Dragsvik. Det melder Vegtrafikksentralen vest. Vegen har i ettermiddag vore stengd på grunn av snøskred. Vegen er no rydda.